Heerenveen






Rådhuset i Heerenveen


Heerenveen (vestfrisisk It Hearrenfean) er ein kommune i provinsen Friesland i Nederland med 50 175 ibuarar pr 1.4.2016, og med eit flatemål på 187,8 km². Knapt 30 000 menneske bur i sjølve byen Heerenveen, resten held hus i 15 landsbyar.


Byen Heerenveen vart grunnlagd i 1551. Han har særleg vokse mykje etter andre verdskrigen, og er i dag ein av dei største i Friesland. Byen er særleg kjend for skeisehallen Thialf, der det sidan 1970 har vort arrangert over 40 ulike internasjonale meisterskap i lengdeløp på skeiser. Også den lokale fotballklubben SC Heerenveen har markert seg med sine nasjonale prestasjonar. Sykkelfabrikanten Batavus, med om lag 700 tilsette, har ei over hundreårig historie og eksporterer over halvparten av den årlege produksjonen.



Ymse |


Økonomen Wim Duisenberg og skeiseløpararane Falko Zandstra og Sven Kramer er frå Heerenveen.


Ei rad norske fotballspelarar har gjort teneste i SC Heerenveen, mellom dei Børre Meinseth, Thomas Holm, Daniel Berg Hestad, Christian Grindheim, Tarik Elyounussi og Martin Ødegaard.




Utsyn over Heerenveen



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Heerenveen» frå Wikipedia på nederlandsk, den 15. mars 2017.





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva