The End av The Doors
The End Song av The Doors frå albumet The Doors | ||
Utgjeve | 4. januar 1967 | |
Innspelt | August 1966 | |
Sjanger | Psykedelisk rock, ragarock, acidrock, kunstrock, progressiv rock | |
Lengd | 11:40 (album) 6:28 (samleplate) | |
Selskap | Elektra Records | |
Låtskrivar(ar) | Jim Morrison Robby Krieger Ray Manzarek John Densmore | |
---|---|---|
Produsent | The Doors Paul A. Rothchild |
«The End» er ein song av The Doors. Han vart opphavleg skriven av Jim Morrison som ein song om brotet med kjærasten Mary Werbelow[1]. Songen vart utvikla i løpet av månadane dei spelte han på Whisky a Go Go i Los Angeles til den nesten 12 minuttar lange versjonen på debutalbumet deira. Bandet spelte ofte songen som siste song på konsertane sine. Han vart først gjeven ut i januar 1967. Songen vart spelt inn live i studio utan ekstra lydspor i etterkant.[2]
«The End» vart rangert på 336. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene. Gitarsoloen i songen vart rangert som den 93. beste av Guitar World.[3]
Innhaldsliste
1 Musikk
2 Teksten
3 Bruk i film og fjernsyn
3.1 Apocalypse Now
4 Alternative versjonar
5 Konsertversjonar
6 Kjelder
Musikk |
Robby Krieger spelar ei smygande gitarlinje som ein bordun i D, som minnar om indisk raga-basert musikk. I tillegg minnar den rullande og dramatiske avslutninga til John Densmore på trommer om indiske tabla-rytmar. Musikken som heilskap høyrest derimot ikkje særleg «indisk» ut.
Strukturmessig har songen tre forskjellige små klimaks med langsamare parti med delvis talt, delvis sungen tekst, før det heile byggjer seg opp til eit enormt psykedelisk klimaks etter at Jim Morrison syng «meet me at the back of the blue bus»-verset.
Teksten |
I 1969 sa Morrison
- «Kvar gong eg høyrer songen betyr det noko anna for meg. Det starta som ein enkel farvelsong, truleg berre til ei jente, men eg ser no korleis det kan vere eit farvel til ein slags barndom. Eg veit verkeleg ikkje. Eg trur han er kompleks nok og universal i biletbruken til at han kan vere om nær sagt alt du måtte ønske han skulle vere om.»
Kort tid etter halvvegs ut i songen, går songen brått over i ein seksjon med dei talte orda: «The killer awoke before dawn...» Denne seksjonen av songen når eit dramatisk klimaks med linjene «Father/ Yes son?/ I want to kill you/ Mother, I want to... (fuck you)», der dei siste to orda vert skrike ut så det ikkje er mogeleg å høyre kva som vert sagt. Dette vert ofte rekna å vere ein referanse til ødipuskompleks. Ray Manzarek, keyboardisten i bandet, forklarte:
Han gjer ei stemme til ødipuskomplekset i ein rock 'n' roll-setting, på ei stund då freudsk psykologi vart mykje diskutert. Ha sa ikkje at han ønskte å gjere dette til mora og faren. Han spelte ei rolle frå gresk drama. Det var teater!
Produsent Paul Rothchild sa i eit intervju at han trudde songen var ei indre reise, og at «å drepe faren» tydde å øydelegge alt som var hierarkisk, kontrollerande og restriktivt i psyken sin, medan «fuck the mother» tydde å omfamne alt som var ekspansivt, flytande og levande i psyken.
Bruk i film og fjernsyn |
Apocalypse Now |
«The End» vart nytta i Francis Ford Coppola-filmen Apokalypse nå frå 1979, både i opninga og i scenen der Kurtz vert drepen.[4]
Desse filmklippa har sidan ført til at songen er nytta eller vert referert til i mange satiriske episodar andre stader, mellom anna i The Simpsons, Saturday Night Live , Toonami, The Dennis Miller Show, The Venture Bros., Animaniacs.
Andre stader der songen er nytta er filmane Who's That Knocking at My Door (1968), The Doors (1991), Supernatural og Lost.
Alternative versjonar |
1967-utgåva av songen er ned mest kjende, men det finst fleire andre versjonar av songen, spelte inn av The Doors.
Ein litt kortare versjon, stundom feilaktig omtalt som «singelutgåva» vart gjeven ut på Greatest Hits-albumet. Denne er om lag halvparten så lang som originalen.
Versjonen nytta i Apocalypse Now er forskjellig frå 1967-utgåva, og er ein ny miks laga spesielt for filmen. Denne versjonen legg vekt på avslutninga av songen, og særleg scat-synginga til Morrison, der han gjentek «fuck» fleire gonger.
Ein ny 5.1-miks vart gjeven ut på plateboksen Perceptioni 2006. Den nye miksen har fleire lyddetaljar enn den originale miksen frå 1967.
I versjonen spelt inn i Madison Square Garden kan ein tydeleg høyre den kontroversielle teksten «Mother, I want to fuck you», i staden for skrikinga. .
Konsertversjonar |
- Mars 1967 (13:54), på Live at the Matrix
- 5. juli 1968, Los Angeles Hollywood Bowl (15:42), på In Concert
- 17. januar 1970, New York, Show 2, på Live in New York
- 8. mai 1970, Cobo Arena, Detroit (17:35), på Live in Detroit
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «The End (The Doors song)» frå Wikipedia på engelsk, den 17. mars 2011.
Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
↑ Robert Farley (September 25, 2005). «Doors: Mary and Jim to the end». St. Petersburg Times. Henta 17. mars 2011.
↑ Classic Albums: The Doors. Classic Albums.
↑ [1]
↑ «SparkNotes: Apocalypse Now: Score and Soundtrack». www.sparknotes.com. Henta 17. mars 2011.
The Doors | |
---|---|
Jim Morrison · Robby Krieger · Ray Manzarek · John Densmore | |
Studioalbum | The Doors · Strange Days · Waiting for the Sun · The Soft Parade · Morrison Hotel · L.A. Woman · Other Voices · Full Circle · An American Prayer |
Konsertalbum | Absolutely Live · Alive, She Cried · Live at the Hollywood Bowl · In Concert |
Samlealbum og filmmusikk | 13 · Weird Scenes Inside the Gold Mine · The Best of The Doors (1973) · Greatest Hits (1980) · The Best of The Doors (1985) · The Doors: Original Soundtrack Recording · Essential Rarities · The Best of The Doors (2000) · The Very Best of The Doors (2001) · Legacy: The Absolute Best · The Very Best of The Doors (2007) · When You're Strange: Music from the Motion Picture |
Singlar | «Break on Through (To the Other Side)»/«End of the Night» · «Light My Fire»/«The Crystal Ship» · «People Are Strange»/«Unhappy Girl» · «Love Me Two Times»/«Moonlight Drive» · «The Unknown Soldier»/«We Could Be So Good Together» · «Hello, I Love You»/«Love Street» · «Touch Me»/«Wild Child» · «Wishful Sinful»/«Who Scared You» · «Tell All the People»/«Easy Ride» · «Runnin' Blue»/«Do It» · «You Make Me Real"/«Roadhouse Blues» · «Love Her Madly»/«(You Need Meat) Don't Go No Further» · «Riders on the Storm»/«The Changeling» · «Tightrope Ride»/«Variety Is the Spice of Life» · «The Mosquito»/«It Slipped My Mind» · «Get Up and Dance»/«Tree Trunk» · «Gloria»/«Moonlight Drive» · «Five to One» |