Break on Through (To the Other Side)














































Break on Through (To the Other Side)
Singel av The Doors
frå albumet The Doors


B-side
«End of the Night»

Utgjeve
1. januar 1967

Innspelt
August 1966

Sjanger

Psykedelisk rock, bossanova, protopunk

Lengd
2:26

Selskap

Elektra

Låtskrivar(ar)

The Doors

Produsent

Paul A. Rothchild

The Doors-kronologi


Break on Through (To the Other Side)
«Light My Fire»
(1967)




«Break on Through (To the Other Side)» er ein song av The Doors frå debutalbumet deira The Doors. Det var den første singelen til bandet og selde heller dårleg samanlikna med seinare hittar, og nådde berre 126. plass i USA. Trass i dette er han ein av signaturlåtane og dei mest populære songane til bandet.


24 år etter den originale amerikanske utgjevinga, vart «Break on Through» ein liten hit i Storbritannia og nådde 64. plass på lista der.




Innhaldsliste






  • 1 Oversyn


  • 2 Komposisjon


  • 3 Andre utgåver


  • 4 Kjelder





Oversyn |


Songen opnar debutalbumet deira. Elektra Records ønskte songen sensurert og linja «she gets high», som vert repetert i den midtre delen av songen (etter linja «everybody loves my baby»). På den originale albumversjonen og alle andre utgjevingar fram til 1990-åra har ordet «high» sletta og Morrison syng berre «she gets» fire gonger før det siste skriket. Konsertutgåver og nyare utgåver av albumet har heile linja slik han var meint.



Komposisjon |


Songen er skriven i 4/4-takt og er ganske rask. Melodien liknar songen «Stranger Blues» av bluesgitaristen Elmore James.


Stykket startar med ein jazz-aktig trommerytme, liknande opninga på «Soy Califa» av Dexter Gordon spelt av Billy Higgins. John Densmore likte den nye (på denne tida) bossa nova-bølgja som kom frå Brasil, så han valte å nytte dette i songen. Det kjem så inn eit orgel, liknande introduksjonen på Ray Charles sin «What'd I Say», medan basslinja er typisk basslinjer nytta i bossa nova.


Gitarriffet til Krieger kom opphavleg frå Paul Butterfield-songem «Shake Your Moneymaker».[1] Han endra på nokre tonar, samt rytmen og kom med gitaren for songen.



Andre utgåver |


Stone Temple Pilots spelte songen for hyllestalbumet til The Doors Stoned Immaculate. Det meksikanske hardrockbandet La Cuca har spelt songen som eit gøymt spor på albumet La Racha.


Då The Doors var med i ein episode av VH1 Storytellers med forskjellige gjesteartistar for Jim Morrison, song vokalist i Stone Temple Pilots, Scott Weiland på «Break on Through».


Det serbiske rockebandet Night Shift spelte songen i 2002 for debutalbumet Undercovers.



Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Break on Through (To the Other Side)» frå Wikipedia på engelsk, den 17. mars 2011.

    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:





  1. «Classic Albums The Doors». jambands.com. Henta 17. mars 2011. 




























Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva