Helge Ingstad
Helge Marcus Ingstad (30. desember 1899–28. mars 2001) var ein norsk jurist, forfattar og arkeolog.
Ingstad var fødd i Meråker i Nord-Trøndelag og voks opp i Bergen. Etter å ha utdanna seg til cand. jur. i 1922, arbeidde han som sakførar i Levanger, før han reiste til Canada for å verta pelsjegar. Der levde han i fire år. Boka Pelsjegerliv vart utgjeven i 1931. Boka selde godt og gjorde at han vart vidgjeten.
Etter å ha kartlagt gamle husgrunnar i Canada, fann Ingstad og kona, arkeologen Anne Stine Ingstad, i 1961 restar av viking- busetnad. Busetnaden fann dei på L'Anse aux Meadows på Newfoundland. Med dette var dei dei fyrste til å prova at islandske vikingar hadde funne ein veg over Atlanterhavet til Nord-Amerika. Ingstad og kona rekna med at dei hadde funne busetnaden i Vinland. Vinland var namnet som vart nytta i norrøn tid på det som seinare fekk namnet Nord-Amerika.
Vikingane hadde kome til Amerika 500 år før Christopher Colombus og John Cabot.
Ingstad og kona bygde frå 1946 opp ein heim i Holmenkollen i Oslo, der han døydde 101 år gamal. Dei siste åra han levde, arbeidde han med å systematisera ei stor mengd fotografi og lydopptak. Opptaka gjorde han på slutten av 1940-talet medan han budde saman med ein eskimo-stamme i Alaska. Stamma vart kalla Nunamiut. Arbeidet gjorde at ei bok vart utgjeven, Songs of the Nunamiut. Ein CD med lydopptak fylgde med boka.
Ingstad var æresmedlem av Videnskabsakademiet, æresdoktor ved Universitetet i Oslo, Memorial University, St. Johns, Newfoundland og ved St. Olaf College i Minnesota. Han var i tillegg innehavar av kommandørkorset av St. Olavs orden, riddar av Vasaordenen og hadde Røde Kors sitt heidersteikn for innatsen sin i Finnmark under den andre verdskrigen.
I 1986 vart Ingstad tildelt Norsk kulturråds ærespris.
Karriere |
- Pelsjegar i Canada (1926–30)
Sysselmann i Eirik Raudes Land, dei norskokkuperte områda aust på Grønland (1932-33). Sjå òg Grønlandssaka.- Sysselmann på Svalbard (1933-35)
- Ekspedisjon til Sierra Madre-fjella i New Mexico på jakt etter Geronimo si tapte stamme av Apache-indianarar (1936-37)
- Domar under det norske landssvikoppgjeret (1945-47)
- Overvintra med innlandseskimoane Nunamiut i det nordlege Alaska (1949-50)
- Forskingsreise til Grønland (1953)
- Fann viktige spor etter norrøn busetnad frå vikingtida på Newfoundland (1960-åra)
- Utgravinga i Canada vart leia av kona, Anne Stine Ingstad
- Utnemnt til statsstipendiat i 1970.
Verkliste |
Pelsjegerliv (1931) Engelsk omsetjing: The Land of Feast and Famine
Øst for den store bre (1935)
Apache-indianerne. Jakten på den tapte stamme (1939)
Klondyke Bill (1941)
Siste båt (fremført på teater i 1946)
Landet med de kalde kyster (1948)
Nunamiut - blant Alaskas innlands-eskimoer (1951)
Landet under Leidarstjernen (1959)
Vesterveg til Vinland (1965)
The Norse Discovery of America (1985)
Nunamiut Stories (1987)
The Viking Discovery of America (1991)- Ingstad, Helge; Groven, Eivind (transcriptions); Tveit, Sigvald (ed.) (1998). Songs of the Nunamiut. Oslo: Universitetsforlaget. ISBN 82-518-3778-2.