17. mai
- For den norske høgtidsdagen, sjå Den norske grunnlovsdagen.
17. mai er den 137. dagen i den gregorianske kalenderen (138. under skotår). Det er 228 dagar att av året.
Innhaldsliste
1 Merkedag
1.1 Nasjonaldagar og nasjonale flaggdagar
1.2 Religiøs helgedag
1.3 Namnedag
1.3.1 Helgendag i den katolske kyrkja
2 Hendingar
2.1 Utlandet
2.2 Noreg
3 Fødde
4 Døde
Merkedag |
- Internasjonal dag mot homofobi
Nasjonaldagar og nasjonale flaggdagar |
Den nauriske grunnlovsdagen, til minne om grunnloven landet fekk i 1968. | Den norske grunnlovsdagen, feira sidan om lag 1814 til minne om at landet fekk eigen grunnlov og til støtte for norsk identitet og sjølvstende. |
Dagen for galisisk litteratur, feira sidan 1963 til minne om den første boka som kom ut på galisisk, Cantares Galegos av Rosalía de Castro frå 1863.
Religiøs helgedag |
Bevegelege heilagdagar som fell på 17. mai i 2019:
Namnedag |
Noreg | Harald og Ragnhild |
Sverige | Rebecka og Ruben |
Danmark | Bruno |
Helgendag i den katolske kyrkja |
- Den heilage Paschalis Baylón
- Den heilage Madron
- Den heilage Restituta av Kartago
Hendingar |
Utlandet |
1521: Edward Stafford, hertug av Buckingham, vart avretta for landssvik.
1590: Anne av Danmark vart krona til dronning av Skottland.
1642: Paul Chomedey skipa den kanadiske byen Montréal.
1673: Louis Joliet og Jacques Marquette byrja utforskinga av Mississippielva.
1775: Den amerikanske revolusjonen: Kontinentalkongressen forbaud handel med Canada.
1792: Børsen i New York vart skipa.
1809: Napoleon I av Frankrike gav ordre om annekseringa av Pavestatane til det franske imperiet.
1814: Okkupasjonen av Monaco gjekk frå franske hender til austerrikske.
1846: Adolphe Sax fekk patent på saksofonen.
1900: Boerkrigen: Britiske troppar kom til Mafeking.
1902: Arkeologen Spyridon Stais fann Andikýthera-mekanismen.
1915: Den siste regjeringa til det britiske liberale partiet med Herbert Henry Asquith braut saman.
1940: Andre verdskrigen: Tyskland okkuperte den belgiske hovudstaden Brussel.
1943: Den amerikanske hæren gav Moore School ved University of Pennsylvania kontrakt for å utvikla ENIAC.
1967: Seksdagarskrigen: President Abdul Nasser av Egypt kravde at den fredsbevarande utrykningsstyrken til SN i Egypt skulle trekkja seg ut.
1969: Sovjetiske Venera 6 kom inn i atmosfæren til planeten Venus og sende atmosfæriske data attende før han vart knust av høgt trykk.
1970: Thor Heyerdahl siglder frå Marokko på papyrusbåten Ra II for å kryssa Atlanterhavet.
1973:Høyringa i Watergateskandalen byrjar i det amerikanske senatet og vart synte på fjernsyn.
1974: Politiet i Los Angeles i California blitza Den symbionesiske frigjevingshæren sitt hovudkvarter og drap seks medlemmer.
1974: Konflikten i Nord-Irland: Trettitre menneske mista livet av bomber i Dublin og Monaghan i Irland.
1983: Libanon, Israel og Sambandsstatane skreiv under på israelsk attendetrekking frå Libanon.
1987: Krigen mellom Iran og Irak: Den amerikanske fregatten USS Stark (FFG-31) vart treft av ein rakett frå ein irakisk Mirage-jagar. Trettisju soldatar mistar livet og 21 vart skada.
1990: Verdas helseorganisasjon strauk homoseksualitet frå lista over sinnssjukdommar.
1993: Rebecca Stephens vart den første kvinna som klatrar til topps på Mount Everest.
1995: Jacques Chirac vart president av Frankrike etter 18 år som borgarmeister av Paris.
1999: Ehud Barak vart vald som statsminister i Israel.
2004: Homofilt giftarmål vart lovleg i Massachusetts.
Noreg |
1814: Den norske grunnlova blei underskriven.
1829: Torgslaget i Christiania. Opplaup då kavaleri og fotjegarar vart sett inn mot allmugen på Stortorvet.
1885: Molde domkyrkje brann ned til grunnen etter at tårnet vart treft av eit saluttskot.
1933: Vidkun Quisling og Johan Bernhard Hjort stifta Nasjonal Samling, det fascistiske partiet i Noreg.
1990: Fedrelandspartiet blei stifta.
Fødde |
- Sjå òg Fødde den 17. mai.
1749: Edward Jenner, britisk lækjar
1783: Cleng Peerson, norsk-amerikansk utvandringspioner
1866: Erik Satie, fransk komponist
1897: Odd Hassel, norsk kjemikar
1900: Ruhollah Khomeini, iransk politikar
1903: Ivar Kleiva, norsk forfattar
1950: Janez Drnovšek, slovensk politikar
1959: Enya, irsk songar
1978: Mirjam Kristensen, norsk forfattar
1987: Edvald Boasson Hagen, norsk syklist
Døde |
- Sjå òg Døde den 17. mai.
1189: Minamoto no Yoshitsune, japansk krigsherre
1336: Keisar Go-Fushimi av Japan
1510: Sandro Botticelli, italiensk målar
1727: Katarina av Russland
1765: Alexis Claude Clairault, fransk matematikar
1829: John Jay, den første høgsterettsdommaren i USA
1838: Maurice de Talleyrand, fransk diplomat
1880: Christen Andreas Fonnesbech, dansk jurist og statsminister
1927: Thomas Nicolay Fearnley, norsk næringsdrivar
1935: Paul Dukas, fransk komponist
1987: Gunnar Myrdal, svensk økonom
1989: Hallvard Eika, norsk politikar
2003: Edith Carlmar, norsk filmskapar
2012: Jon Istad, norsk idrettsmann
2012: Donna Summer, USA-amerikansk songar
< Mai > | |
---|---|
< 1 · 2 · 3 · 4 · 5 · 6 · 7 · 8 · 9 · 10 · 11 · 12 · 13 · 14 · 15 · 16 · 17 · 18 · 19 · 20 · 21 · 22 · 23 · 24 · 25 · 26 · 27 · 28 · 29 · 30 · 31 > |