County Monaghan
County Monaghan Contae Mhuineacháin | |
Statistikk | |
Provins: | Ulster |
---|---|
Hovudby: | Monaghan |
Bilnummer: | MN |
Areal: | 1 294 km² |
Folketal (2006): | 55 816 |
Folketettleik: | 43 /km² |
Nettside: www.monaghan.ie |
County Monaghan (irsk Contae Mhuineacháin) er eit grevskap i Republikken Irland nordaust på Irland i provinsen Ulster. Grevskapet er eit av tre grevskap i Ulster som ikkje ligg i Nord-Irland. Administrasjonsbyen er Monaghan.
County Monaghan grensar til Tyrone, Londonderry og Armagh i Nord-Irland, og Louth i aust, Meath i sør og Cavan i vest.
Namnet kjem frå muine cheain, som tyder landet med dei små åsane. Dette viser til det spesielle landskapet som er dominert av låge åsryggar som er eit resultat av erosjon frå isbrear ved slutten av siste istid.
Diktaren Patrick Kavanagh, som vert rekna som ein av dei viktigaste irske diktarane på 1900-talet, vart fødd i Monaghan. Diktet hans Stony Grey Soil refererer til grevskapet.
Byar og landsbyar i County Monaghan |
Ballinode, Ballybay
Carrickmacross, Castleblayney, Clones
- Emyvale
- Inniskeen
- Glaslough
- Killanny
Magheracloone, Monaghan
- Newbliss
- Rockcorry
Scotstown, Smithborough (eller Smithboro)
Tydavnet, Tyholland
Kjelde |
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen County Monaghan frå Engelsk Wikipedia .
Grevskap i Irland | |||
---|---|---|---|
Connacht: Galway | Leitrim | Mayo | Roscommon | Sligo
|