Nina Frisak






Frisak på sentralbanksjefen si årstale i 2016
Foto: Tore Sætre



Nina Frisak (fødd 28. november 1950) er ein norsk jurist og embetskvinne. Ho var regjeringsråd ved Statsministerens kontor frå 2001 til 2016.[1]




Innhaldsliste






  • 1 Yrkeskarriere


  • 2 Utmerkingar


  • 3 Kjelder


  • 4 Bakgrunnsstoff





Yrkeskarriere |


Nina Frisak voks opp på Nøtterøy utanfor Tønsberg. Ho blei cand. jur. ved Universitetet i Oslo i 1977, og har sidan hatt studieopphald i London og gjennomgått Forvaltingshøgskolen og Forsvarets Høgskole.


Nina Frisak har arbeidd som advokat hos Kommuneadvokaten i Oslo og som dommarfullmektig i Fredrikstad. Ho var tilsett i Justisdepartementet frå 1981 til 1988, mellom anna som lovrådgjevar ved lovavdelinga. Deretter arbeidde ho som advokat i Nordisk Skibsrederforening fram til 1991 då ho blei lagdommar, og seinare lagmann, i dåverande Eidsivating lagmannsrett. I 1995 blei ho ekspedisjonssjef ved Statsministerens kontor med ansvar for administrativ avdeling. Frå 2000 til 2001 var ho høgsterettsdommar. Deretter blei ho departementsråd ved Statsministerens kontor. Dette embetet blei frå då av kalla regjeringsråd.


Sjølv om Nina Frisak er relativt usynleg i det offentlege bildet, har ho stor innflyting ved statsministerens kontor, som er samordningsleddet i regjeringsarbeidet. Ho blir difor rekna som ein av dei mektigaste personane innan den offentlege forvaltinga i Noreg. Ho leia ho arbeidet i den faste staben ved kontoret i meir enn 14 år.


Sidan 2000 har Nina Frisak også vore leiar, såkalla kanslar, i ordensrådet for Den Kongelege Norske St. Olavs Orden. Ordensrådet gir sine råd til Kongen og har dermed hovudansvaret for tildelingar av ordenen. Sjølv er Nina Frisak blitt utnemnd som Kommandør med stjerne av St. Olavs orden for si embetsteneste.


Nina Frisak er gift med industrimannen og miljøvernaren Øystein Dahle. Dei bur på Slependen i Bærum utanfor Oslo.



Utmerkingar |


Frisak er innehavar av storkross (første klasse) av den estiske Terra Mariana-krossens orden.



Kjelder |




  1. Regjeringen.no 2016: Regjeringsråd Nina Frisak går av 1. juli



  • Denne artikkelen bygger på «Nina Frisak» frå Wikipedia på bokmål, den 19. juni 2010.



Bakgrunnsstoff |



  • Kort merittliste 2001

  • Intervju i Dagbladet 2001

  • Maktstillingar i norsk embetsverk 2005




Popular posts from this blog

Why is a white electrical wire connected to 2 black wires?

Waikiki

What are all the squawk codes?