Nykirken




Koordinatar: 60°23′49.448″N 5°18′48.132″E




Nykirken, austfasaden mot Vågen




Nykirken sett mot nord




Nykirken med «Anno 1761» i toppen av kyrkjetårnet




Nykirken


Nykirken er ei kyrkje på austsida av Nordnes i Bergen, aust for Nykirkeallmenningen, i nærleiken av kaiene på vestsida av Vågen. Opphavleg var kyrkja soknekyrkje for Nykirken kyrkjelyd, men har frå 1. januar 2002 vore knytt til kyrkjelyden under Bergen domkyrkje. Kyrkja har krossforma grunnplan, er bygd i mur av brotstein som er pussa, og kykjerommet har 750 sitjeplasser.



Bygningssoga |


Kyrkjebygningen har vorte skada av brann og bygd opp att fleire gongar. Den fyrste bygningen vart oppført i 1621 på leivningane etter murane av Erkebispegarden, som hadde vorte øydelagt under bybrannen i 1589. Arkeologiske granskingar som vart gjort i 1944 synte at restar av grunnetasjen av hovudfløya i Erkebispegarden ligg under Nykirken. Men allereie i 1623 brann Nykirken, vart snøgt bygd opp att, og brann på nytt i 1660, oppbygd att i 1670, og brann under bybrannen i 1756, då kyrkja vart så sterkt skada at berre nokre leivningar av murane stod att. Då vart det planlagt å byggje opp att kyrkja marmor eller med detaljar i marmor, men valet falt likevel på vanleg stein som vart lagt i jamne skift og pussa, men med kleberstein i hjørna og i portalen. Arkitekt for gjenoppbygginga var Johan J. Reichborn. Kyrkja vart teke i bruk att i 1763, men vart øydelagt på nytt under ein brann i 1800, før kyrkjetårnet hadde vorte ferdigbygd med den hjelmen og spiret som arkitekten meinte det skulle ha. I 1802 var kyrkja bygd opp att enno ein gong, og i 1825 fekk kyrkjetårnet ei hette.


Kyrkja vart hardt skada endå ein gong under andre verdskrigen som fylgje av eksplosjonsulukka då det tyske frakteskipet «Voorbode» med 120 tonn ammunisjon ombord kom i brann og eksploderte medan det låg ved Festningskaien på austsida av Vågen 20. april 1944. Men murane på kyrkja stod, og under restaureringsarbeidet som arkitektane Frederik Konow Lund og Hans W. Rohde leia, vart kyrkjetårnet utstyrt med den hjelmen og spiret som det ifylgje arkitekt Reichborn skulle ha hatt i 1763. Med unnatak av tverrarmen mot nordaust, som er frå oppattbygginga i 1670 og var eit tilbygg til den tidlegare kyrkja som vart inkorporert i den nye, svarar kyrkjebygningen i si ytre form til den versjonen som stod ferdig i 1763. Under tverrarmen vart det bygd eit kapell med eit parti av ein mur i den tidlegare Erkebispegarden som vestmur, og det vart lagd eit trapperom opp til kyrkjerommet. Dei gamle gravkapella i sokkeletasjen vart omgjort til foajé og kontor. Eit trappehus med valmtak vart bygd attmed nordsida av foten på kyrkjetårnet med trapp opp til andre høgda i tårnfoten.


Interiøret i kyrkja vart utforma på grunnlag av ein detaljert dokumentasjon av det interiøret kyrkja fekk etter brannen i 1800. Dei fleste av gjenstandane er kopiar. Dåpsengelen som heng i kyrkja vart skore i København i 1797 av Fr. Chr. Willerup, og hang opphavleg i domkyrkja i Bergen. Somt av kyrkjesølvet er gamalt og redda unna brannane i kyrkja. Oblateska er frå 1694, dåpsfatet frå 1794.



Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Nykirken



  • Bergen byleksikon: Nykirken

  • Nykirken i Kirkesøk kirkedatabasen

  • Lidén, Hans-Emil, og Magerøy, Ellen Marie; Norges kirker, Bergen bind II Oslo 1983 ISBN 82-05-14299-8




  • Vis Nykirken i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren








Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva