Espen Johnsen(fødd 20. desember 1979) er ein norsk tidligere fotballspelar frå Kristiansand, mest kjend for sine prestasjonar på Rosenborg BK og det norske landslaget. Han vart halden for å vere ein dyktig og reaksjonsrask, men også spelemessig ustabil, sisteskanse.
Innhaldsliste
1Klubbspel
2Landslagsspel
3Merittar
4Kjelder
Klubbspel |
Johnsen var målvakt for Vigør i 1997. Dei neste tre sesongane spelte han for byrivalen IK Start på nivå to og i eliteserien, saman med mellom andre broren Marius Johnsen. Framom 2001-sesongen vart han overført til Rosenborg BK, der han fekk lite speletid dei to fyrste åra. Etter at målvakta Arni Gautur Arason vart overført til Manchester City fekk Johnsen i 2003 sitt gjennombrot både på klubb- og landslag, og vart kåra til årets målvakt (Kniksenprisen). Hausten 2005 gjekk han skadd i eit halvår, og mista plassen som fyrsteval i Rosenborg til Lars Hirschfeld. Sesongane 2007 og -08 spelte Johnsen for Strømsgodset IF, utan å prestere på sitt tidlegare bestenivå. I 2009 var han tilbake i Rosenborg, men kneplager førte til at han la bort fotballen. Han valde i staden å konsentrere seg om medisinstudiar.
Landslagsspel |
Johnsen debuterte 22. mai 2003 i ein privatlandskamp mot Finland. Han vart omgåande fyrstemålvakt for Noreg, ein posisjon han hadde i to år. Fram til januar 2006 spelte han 18 landskampar for Noreg, avslutta landslagstida med å tape 0-5 mot USA i ein privatlandskamp på bortebane.
Merittar |
Seriemeister: 2003 og 2004 med Rosenborg
Cupmeister: 2003 med Rosenborg
Kjelder |
eu-football
Denne artikkelen bygger på «Espen Johnsen» frå Wikiedia på polsk, den 22. november 2015.
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...