EM i fotball 2000
Europameisterskapen i fotball 2000 var den ellevte europameisterskapen i fotball for menn. Meisterskapen vart for fyrste gong avvikla i to vertsland; Belgia og Nederland. Begge fekk friplass til sluttspelet, som tok til 10. juni i Brussel og vart avslutta i Rotterdam den 2. juli 2000. Frankrike vart europmeister etter finalesiger 2-1 over Italia. Dei 31 kampane vart spelt på åtte arenaer i like mange byar; Charleroi, Liège, Brussel, Brugge, Eindhoven, Arnhem, Rotterdam og Amsterdam. 49 land deltok i kvalifiseringa til meisterskapen.
For fyrste og, til 2015, einaste gong, var Noreg med i europameisterskapen for menn. Dei seksten deltakarlanda i sluttspelet vart fordelt i fire like store grupper. Dei to beste landa i kvar av gruppene gjekk til kvartfinalane. Noreg vart nummer tre i gruppe C, og rauk ut med dårlegare målskilnad enn Jugoslavia.
I kvartfinalane vann Portugal, Italia, Frankrike og Nederland over høvesvis Tyrkia, Romania, Spania og Jugoslavia. Begge semifinalane var jamne; Frankrike gjekk til finale på ein såkalla «golden goal» av Zinédine Zidane i det 117. minutt, medan Italia vann over Nederland i straffesparktevling.
Savo Milošević frå Jugoslavia og Patrick Kluivert frå Nederland skåra kvar sine fem mål.
Innhaldsliste
1 Gruppespel
1.1 Gruppe A
1.2 Gruppe B
1.3 Gruppe C
1.4 Gruppe D
2 Finalen
3 Kjelder
Gruppespel |
Gruppe A |
# | Lag | K | S | U | T | Mål | ± | P |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1 | Portugal | 3 | 3 | 0 | 0 | 7–2 | 5 | 9 |
2 | Romania | 3 | 1 | 1 | 1 | 4–4 | 0 | 4 |
3 | England | 3 | 1 | 0 | 2 | 5–6 | −1 | 3 |
4 | Tyskland | 3 | 0 | 1 | 2 | 1–5 | −4 | 1 |
Gruppe B |
# | Lag | K | S | U | T | Mål | ± | P |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1 | Italia | 3 | 3 | 0 | 0 | 6–2 | 4 | 9 |
2 | Tyrkia | 3 | 1 | 1 | 1 | 3–2 | 1 | 4 |
3 | Belgia | 3 | 1 | 0 | 2 | 2–5 | −3 | 3 |
4 | Sverige | 3 | 0 | 1 | 2 | 2–4 | −2 | 1 |
Gruppe C |
# | Lag | K | S | U | T | Mål | ± | P |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1 | Spania | 3 | 2 | 0 | 1 | 6–5 | 1 | 6 |
2 | Jugoslavia | 3 | 1 | 1 | 1 | 7–7 | 0 | 4 |
3 | Noreg | 3 | 1 | 1 | 1 | 1–1 | 0 | 4 |
4 | Slovenia | 3 | 0 | 2 | 1 | 4–5 | −1 | 2 |
Gruppe D |
# | Lag | K | S | U | T | Mål | ± | P |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1 | Nederland | 3 | 3 | 0 | 0 | 7–2 | 5 | 9 |
2 | Frankrike | 3 | 2 | 0 | 1 | 7–4 | 3 | 6 |
3 | Tsjekkia | 3 | 1 | 0 | 2 | 3–3 | 0 | 3 |
4 | Danmark | 3 | 0 | 0 | 3 | 0–8 | −8 | 0 |
Finalen |
Finalen i Rotterdam 2. juli 2000 vart spelt på Feijenoord stadion i Rotterdam, med 48 200 tilskodarar til stades. Spissen Marco Delvecchio sende Italia i føringa i det 55. minutt, medan den franske innbyttaren Sylvain Wiltord syrgde for ekstratid då han netta i sluttsekundane. Ein annan fransk innbyttar, David Trezeguet, avgjorde finalen med ein «golden goal» i det 103. minutt.
Frankrike sitt meisterlag bestod av: Fabien Barthez, Lilian Thuram, Marcel Desailly, Laurent Blanc, Bixente Lizarazu, Patrick Vieira, Didier Deschamps, Youri Djorkaeff, Zinedine Zidane, Thierry Henry, Christophe Dugarry. Sylvain Wiltord kom inn for Dugarry i det 58. minutt, David Trézéguet for Djorkaeff i det 76. minutt og Robert Pirès for Lizarazu i det 86. minutt.
Italia mønstra: Francesco Toldo, Gianluca Pessotto, Fabio Cannavaro, Alessandro Nesta, Mark Iuliano, Paolo Maldini, Demetrio Albertini, Luigi Di Biagio, Stefano Fiore, Francesco Totti og Marco Delvecchio. I den andre omgangen kom etter tur Alessandro Del Piero, Massimo Ambrosini og Vincenzo Montella inn i staden for høvesvis Fiore, Di Biagio og Delvecchio.
Kjelder |
- Denne artikkelen bygger på «UEFA Euro 2000» frå Wikipedia på engelsk, den 30. juli 2015.
Europameisterskapen i fotball | |
---|---|
Frankrike 1960 · Spania 1964 · Italia 1968 · Belgia 1972 · Jugoslavia 1976 · Italia 1980 · Frankrike 1984 · Vest-Tyskland 1988 · Sverige 1992 · England 1996 · Belgia-Nederland 2000 · Portugal 2004 · Austerrike-Sveits 2008 · Polen-Ukraina 2012 · Frankrike 2016 · Pan-Europa 2020 |
|