Red av King Crimson












































Red
Studioalbum av King Crimson


Utgjeve
November 1974

Innspelt
Juli–august 1974 i Olympic Studios i London

Sjanger

progressiv rock

Lengd
39:55

Selskap

Island (UK)
Atlantic (Nord-Amerika)

Produsent

King Crimson
Kritikk

Allmusic 4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[1]




  • Robert Christgau A−[2]


  • George Starostin (9/10)[3]


  • Mojo 5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[4]



King Crimson-kronologi

Starless and Bible Black
(1974)

Red

USA
(1975)




Red er eit album frå 1974 av progrockgruppa King Crimson. Det var det siste studioalbumet deira i 1970-åra før bandleiar Robert Fripp la ned gruppa for ei stund.


Tittelsporet vart rangert på 87. plass på lista til Rolling Stone over dei 100 beste gitarsongane gjennom tidene.[5]




Innhaldsliste






  • 1 Produksjon


  • 2 Mottaking


  • 3 Ettermæle


  • 4 Innhald


  • 5 Medverkande


  • 6 Kjelder


  • 7 Bakgrunnsstoff





Produksjon |


David Cross forlet King Crimson i 1974 og gruppa vart redusert til ein trio med Robert Fripp, John Wetton og Bill Bruford. Trioen spelte inn Red med hjelp av Cross og dei tidlegare bandmedlemmane Ian McDonald og Mel Collins. Fripp la ned King Crimson den 24. september 1974 og albumet kom ut seinare det året utan påfølgjande turné.


Sjølv om albumet musikalsk hadde likskapar til føregangaren Starless and Bible Black, vart Red produsert på ein heilt annan måte enn tidlegare King Crimson-album. Til dømes, medan akustisk gitar er eit dominerande instrument på det førre albumet, kan ein på Red berre høyre det i nokre få takter på «Fallen Angel». I motsetnad til tidlegare King Crimson-album nytta bandet fleire spor med gitar på Red. Seinare album mangla akustisk gitar fullstendig og nytta minimalt med ekstra gitarspor, sjølv om bandet seinare hadde to gitaristar.


Albumet opnar med tittelsporet, ein drivande hardrock-instrumental. Stykket skifta takt fleire gonger og har mellom anna 5/8, 7/8 og 4/4. Han har òg ein seksjon med cello.


Det fjerde sporet på albumet, «Providence», er eit konsertopptak frå Palace Theatre i Providence i USA, den 30. juni 1974. Charles Snider referer til stykket som ein «svanesong», og skriv at «'Providence' pakkar nesten alt improvisasjonstilknytt frå dei siste to albuma inn i desse åtte minutta.»[6] Ein lengre, uavkorta versjon av stykket finst på konsertalbumet The Great Deceiver.


Teksten og melodien for «Starless» vart skriven av John Wetton. Songen var opphavleg meint som tittelsporet for det førre albumet deira, Starless and Bible Black. Fripp og Bruford mislikte i starten songen og ville ikkje ha han med på albumet. i staden valte gruppa eit instrumentalt stykke som tittelspor for Starless and Bible Black. «Starless» vart likevel henta fram att seinare, med endratekst og ein lang instrumental del (basert på eit bassriff som Bruford kom med). Stykket vart framført på konsertar mellom mars og juni 1974. For innspelinga av Red vart teksten igjen endra (med bidrag frå Richard Palmer-James). Det stemningsskapande temaet i introduksjonen, som hovudsakleg kom frå og vart spelt av David Cross, vart teken over av gitar, og Fripp gjorde små endringar i melodien. Sidan tittelen «Starless and Bible Black» alt var nytta, fekk dette stykket tittelen «Starless».



Mottaking |


Plata låg ei veke på den britiske albumlista, på ein 45. plass, medan alle dei førre studioalbuma til bandet hadde nådd Topp 30. I USA nådde albumet 66. plass på Billboard 200. Albumet har derimot vorte verande populært hos både kritikarar og tilhengjarar.


Platemeldingar som har kome i ettertid har vore nesten utelukkande positive. Allmusic meiner Red var svakare enn dei to førre albuma, men likevel eit overlegent stykke arbeid.[1]Robert Christgau hylla òg albumet og kalla det «Storslått, mektig, skrikande og overraskande lyrisk» og sa vidare at «Dette gjer for klassisk-rock-blandinga det John McLaughlin sitt Devotion gjorde for jazz-rock-blandinga»[2]George Starostin samanlikna albumet med verka til Emerson, Lake & Palmer, og konkluderte med at «Desse karane har like mykje talent som ELP, og i tillegg den kunstnariske integriteten som ELP kasta bort...»[3]



Ettermæle |


I 2001 kåra magasinet Q Red til eit av dei «50 tyngste albuma gjennom tidene»,[7] og Kurt Cobain har omtalt albumet som ei stor inspirasjonekjelde.[8][9] Musikkforskarane Eric Tamm og Edward Macan reknar begge Red, og særleg sporet «Starless», for å vere høgdepunktet av det King Crimson har gjeve ut.



Innhald |































Side ein
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «Red»   Robert Fripp 6:16
2. «Fallen Angel»   Fripp, Palmer-James, Wetton
6:03
3. «One More Red Nightmare»   Fripp, Wetton 7:10
























Side to
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
4. «Providence»  
Bruford, Cross, Fripp, Wetton
8:10
5. «Starless»   Bruford, Cross, Fripp, Palmer-James, Wetton 12:16


























Bonusspor på 2009-utgåva
# Tittel Lengd
6. «Red» (pre-overdub trio version)
 
7. «Fallen Angel» (pre-overdub trio version)
 
8. «Providence» (unedited live version)
 


Medverkande |




  • Robert Fripp – gitar, mellotron


  • John Wetton – bassgitar, vokal


  • Bill Bruford – trommer, perkusjon


  • Richard Palmer-James - tekstar


Andre medverkande



  • David Cross – fiolin på «Providence»


  • Mel Collins – sopransaksofon på «Starless»


  • Ian McDonald – altsaksofon på «One More Red Nightmare» og «Starless»


  • Robin Miller – obo på «Fallen Angel»


  • Mark Charig – kornett på «Fallen Angel»

  • Ukjend– cello på «Red» og «Starless»



Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Red (King Crimson album)» frå Wikipedia på engelsk, den 13. juni 2012.

    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:





  1. 1,01,1 Eder, B. «Red – King Crimson | AllMusic». allmusic.com. Henta 12. juni 2012.  Den ukjende parameteren |År= vart ignorert (hjelp)


  2. 2,02,1 Christgau, Robert. «Robert Christgau: CG: king crimson». robertchristgau.com. Henta 12. juni 2012.  Den ukjende parameteren |År= vart ignorert (hjelp)


  3. 3,03,1 Starostin, G. «King Crimson». warr.org. Henta 12. juni 2012.  Den ukjende parameteren |År= vart ignorert (hjelp)


  4. Barnes, Mike (November, 2009). «Royal Flush». Mojo (London: Bauer Media Group) (192): 106. ISSN 1351-0193. 


  5. Rolling Stone – The 100 Greatest Gitar Songs of All Time. Henta 14. juni 2012 "‘I'm not a blues gitarist’, Robert Fripp said in 1995, 'but I think I've met the spirit of the blues several times.' This is one of them: blunt-instrument funk in which Fripp, leading a power-trio Crimson, jars the mathematical cadence of his riffing with a wrecking-ball swing and rude pig-squeal harmonics."


  6. Snider, Charles (2008). The Strawberry Bricks Guide to Progressiv rock. Lulu. s. 181. ISBN 978-0-615-17566-9. 


  7. 50 Heaviest Albums of All Time


  8. Interview with Robert Fripp


  9. Interview with Bill Bruford (in italian)







Bakgrunnsstoff |



  • Tekstar

  • Analyse av albumet

































Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva