Blackburn Rovers

Multi tool use
Blackburn Rovers | |||
Fullt namn |
Blackburn Rovers |
||
---|---|---|---|
Kallenamn |
Rovers | ||
Grunnlagd |
Ukjend |
||
Heimebane |
Ewood Park, Blackburn (Kapasitet: 31 367) |
||
Styreleiar |
Robert Coar |
||
Hovudtrenar |
Sam Allardyceliga = Premier League |
||
|
Blackburn Rovers Football Club er ein engelsk fotballklubb som spelar i Football League Championship (2. nivå). Klubben vart stifta i 1875, og var ein av dei 12 klubbane som starta The Football League i 1888. «Rovers», som er kallenamnet til Blackburn, spelar heimekampane sine på Ewood Park i Blackburn. Byen Blackburn ligg i den engelske regionen Nordvest-England, omtrent fire mil nord for Manchester.
Innhaldsliste
1 Historie
2 Meritt
3 Nordmenn i Blackburn Rovers
4 Blackburn sine managerar
5 Spelarstall 2010/2011
6 Bakgrunnsstoff
Historie |
Rundt århundreskiftet var Blackburn blant dei største i England.
Etter 1930 gjekk det lenger tid mellom dei store triumfane, heilt til pengesterke Jack Walker dukka opp på byrjinga av 1990-talet. Han hadde opparbeidd seg ei formue i stålindustrien, og brukte på sine eldre dagar denne til å støtte klubben han elska. Dette gjorde at Blackburn i 1992 rykte opp i øvste divisjon, etter at Liverpool-legenden Kenny Dalglish hadde overteke manageransvaret, og med hjelp av ein målfarleg Alan Shearer vann klubben sitt tredje ligagull i 1995.
Men berre fire år seinare rykte dei ned, etter mange feilslåtte spelarkjøp. To sesongar vart spelte i fyrste divisjon, før klubben i 2001 rykte opp att, denne gongen med Graeme Souness ved roret. Året etter vann klubben ligacupen, etter å ha slege Tottenham 2-1 i finalen på Millennium Stadium i Cardiff.
Den beste sesongen til klubben etter opprykket har førebels vore 2002/2003-sesongen, då det vart 6. plass og kvalifikasjon til UEFA-cupen.
I dag er det den tidlegare Manchester United-helten Mark Hughes som er manager i Blackburn. Han trekte seg som landslagssjef for Wales for å kunne ta jobben. Hughes spela i klubben frå 2000 til 2002, og fekk med seg opprykk og ligacupsiger.
Meritt |
TROFE |
ANTAL |
ÅR |
---|---|---|
Ligameister | 2 | 1911/12, 1913/14 |
Premier League | 1 | 1994/95 |
FA-cupen | 6 |
1884, 1885, 1886, 1890, 1891, 1928 |
Ligacupen | 1 | 2002 |
FA Charity Shield | 1 | 1912 |
Full Members Cup | 1 | 1987 |
FA Youth-cup | 1 | 1959 |
- Vinnar av 2. divisjon: 1938/39.
- Vinnar av 3. divisjon: 1974/75.
- Finalist i FA-cupen: 1882 og 1960.
Nordmenn i Blackburn Rovers |
Blackburn har hatt fleire kjende nordmenn i stallen. I tillegg til Henning Berg og Morten Gamst Pedersen, har Lars Bohinen, Tore Pedersen, Egil Østenstad, Stig Inge Bjørnebye, Martin Andresen og Joshua King alle spela for Blackburn.
Blackburn sine managerar |
Manager |
Periode |
Manager |
Periode |
---|---|---|---|
Thomas Mitchell |
(1884-1896) |
Johnny Carey |
(1970-1971) |
J. Walmsley |
(1896-1903) |
Ken Furphy |
(1971-1973) |
R. Middleton |
(1903-1925) |
Gordon Lee |
(1974-1975) |
Jack Carr |
(1925-1926) |
Jim Smith |
(1975-1978) |
Bob Crompton |
(1926-1930) |
Jim Iley |
(1978) |
Arthur Barritt |
(1931-1936) |
John Pickering |
(1978-1979) |
Reg Taylor |
(1936-1938) |
Howard Kendall |
(1979-1981) |
Bob Crompton |
(1938-1941) |
Bobby Saxton |
(1981-1986) |
Eddie Hapgood |
(1944-1947) |
Don MacKay |
(1987-1991) |
Will Scott |
(1947) |
Kenny Dalglish |
(1991-1995) |
Jack Bruton |
(1947-1949) |
Ray Harford |
(1995-1997) |
Jackie Bestall |
(1949-1953) |
Roy Hodgson |
(1997-1998) |
Johnny Carey |
(1953-1958) |
Brian Kidd |
(1998-1999) |
Dally Duncan |
(1958-1960) |
Tony Parkes |
(1999-2000) |
Jack Marshall |
(1960-1967) |
Graeme Souness |
(2000-2004) |
Eddie Quigley |
(1967-1970) |
Mark Hughes |
(2004- |
Spelarstall 2010/2011 |
Bakgrunnsstoff |
- Den offisielle heimesida til klubben
- brscn.com Blackburn sin norske supporterklubb
|
r3dCiDJYR,eRjV5