Thiel Mountains
Thiel Mountains | |
fjellkjede | |
Flyfoto av Thiel Mountains | |
Land | Antarktis |
---|---|
Fjellkjede | Dei transantarktiske fjella |
Grensar til | Horlick Mountains, Pensacolafjella |
Stad | Marie Byrd Land |
- koordinatar | |
Lengd | 72 km |
Administrert under | Antarktistraktaten |
Thiel Mountains (Antarktis) | |
Wikimedia Commons: Thiel Mountains | |
Thiel Mountains er ei isolert, hovudsakleg snødekt fjellkjede i Antarktis som er 72 km lang. Fjella ligg om lag mellom Horlick Mountains og Pensacolafjella og strekkjer seg frå Moulton Escarpment i vest til Nolan Pillar i aust. Av fjell i fjellkjeda finn ein Ford Massif (2810 moh), Bermel Escarpment og ei gruppe toppar i aust nær Nolan Pillar. Fjella vart observert og først plassert av USARP Horlick Mountains Traverse Party, 1958-59. Fjella vart kartlagd av USGS Thiel Mountains i 1960-61 og 1961-62.[1]
Thiel Mountains vart namngjeven av US-ACAN etter dr. Edward C. Thiel, som var seismolog ved Ellsworth-basen og Pensacolafjella i 1957.
Eit drivstoffdepot ligg nær Thiel Mountains for flyreiser mellom Patriot Hills og Amundsen-Scott-stasjonen. [2]
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «Thiel Mountains» frå Wikipedia på engelsk, den 1. mars 2013.
Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
↑ U.S. Geological Survey Geographic Names Information System: Thiel Mountains
↑ Sørpolen Flights
|