Fluger







































Fluger



Calliphora augur
Calliphora augur



Systematikk

Rekkje:

Arthropoda

Underrekkje:

Hexapoda

Klasse:

Insecta

Underklasse:

Pterogyta

Infraklasse:

Neoptera

Orden:

Diptera

Underorden:

Brachycera

Vitskapleg namn
Brachycera



Brystet, frå sida hos ei høgare fluge




Ryggsida hos ei høgare fluge


Fluger (Brachycera) er ei delgruppe av tovengjene. Den andre delgruppa er myggar. Tovengjer har berre eitt par vengjer, det bakerste vengjeparet manglar, og er erstatta av to svingkøller. Fluger har generelt breiare, kraftigare kropp enn myggar.


Det er 81 familiar i Noreg, med omtrent 3 000 artar.




Innhaldsliste






  • 1 Utsjånad


    • 1.1 Bakkroppen


    • 1.2 Brystpartiet




  • 2 Lemmer


    • 2.1 Hovudet




  • 3 Kjelder


  • 4 Bakgrunnsstoff





Utsjånad |


Flugene har ei kroppslengd frå 2 mm til ca. 60 mm. Kroppen består av tre kroppsavsnitt, hovudet, bakkroppen og brystpartiet. Kroppen kan ha fleire stive børstar (seta), og nokre artar er delvis hårkledde.


Fargane varierer frå svart til lyst gul. Brungule nyansar er vanleg, medan nokre har ein metallisk farge som oppstår ved lysbryting.



Bakkroppen |


Dei fleste fluger har mellom fire og sju ledd i bakkroppen. Forplantningsorgana finst i eller delvis utanfor dei siste ledda. Hos hoene er dei innvendig i kroppen, medan dei hos hannen kan vera store og lett synlege.



Brystpartiet |


Brystpartiet har tre segment som ein kallar prescutum, scutum og scutellum. På utsida av kroppen har ho hudplater, eit ytre skjelett, som heldt kroppen saman, på same måte som rustninga til ein soldat. Det er ikkje alltid like lett å sjå desse platene, sidan overgangane ofte kan vera dårleg synlege. Dei har namn etter plasseringa på kroppen.

Prescutum er lengst fram, like bak hodet. Her finst hudplatene humeral callus, meso pleuron og det første fotparet (1. coxa). Vengjene er òg plasserte her, på sida av kroppen.

Scutum er ryggsida på det midtste bryststykket. Her finn ein hudplatene ptero pleuron, sterno pleuron og festet for det midtste fotparet (2. coxa). Her finn ein òg svingkølla, rett bak vengja.

Scutellum er det bakarste brystsegmentet, eit trekanta bakoverretta stykke. Her finn me hudplatene mesoscutellum, postscutellum og hypo pleuron. Det bakarste fotparet er dessutan festa her.

Børster på brystpartiet. Desse børsterekkjene har namn, og er viktige når ein stadfestar artar. Namnet på børstene er ofte det same som det latinske namnet på den delen av kroppen (hudplaten) børstene er fest til. Oppe på ryggsiden kan det vera langsgåande rekkjer med børster. Den midtste rekkja heiter akrosticale børster, utanfor der dorsocentrale børster. Langs kanten finst det mindre grupper med børster, framfor nokre posthumerale børster, bakover, presuturale børster, notoplurale børster, alar børster og på scuttellumet finst ofte scutellare børster.




Insektfot



Lemmer |


Vengjene er festa til det fremste brystsegmentet. Flugene høyrer til tovengjene og har berre to vengjer i motsetnad til dei fleste andre insekt, som har to par. På det midtste er det to svingkøller der andre insekt normalt har bakvengjene sine. Desse svingkøllene fungerer som balanseorgan under flyginga.


Vengjene kan vera gjennomskinlege, klåre eller røykfarga, ha flekkar og mønster. Nokre artar har fine hår på vengjeoverflata. Bak vengjefestet, i «armhola», sit det hjå somme artar vengjeskjel ein kallar thoracalsquama.


Det er eitt par føter på kvart av dei tre brystsegmenta, til saman vert det seks føter. Føtene vert brukt til å gå med, men og for å fanga (halda) byttedyr, som hos dansefluger og andre. Utsjånaden kan variera mykje, men dei har dei vanlege ledda. Hofter (coxa), hoftering (trochanter), låret (femur), leggen (tibia) og føtene (tarsi), som vanlegvis består av fem ledd (tarser). Fotleddet nærmast leggen, vert kalla for «det første leddet» (basistarsi).


Det ytste vert gjerne kalla eit kloledd. Her er det vanlegvis eit par klør (unguiculus), slik at dei kan halda seg fast på klede og andre rue overflater. Desse kan vera ubetydelege, små, eller kraftige med store haker, som hos lusflugene. Det er og to små puter (pulvilli) på det siste fotleddet, desse fungerer litt som sugekoppar og har gjerne ei noko «klissete» overflate og gjer at fluger kan halda seg fast på glatte overflater, som ei vindusrute. Hos ei delgruppe av flugene er det i tillegg ei ekstra midtstilt «pute» (empodium) eller ein «hårbørste» (arolium).



Hovudet |




Hovud av ei høgare fluge


Dei fleste flugene har børstar og hår på hovudet. Det er fleire markerte børstar som alle har eigne namn, etter plasseringa på hovudet. Plassering, tal og retning på desse har betydning ved artsbestemmelse av fluger.



Kjelder |





  • Denne artikkelen bygger på «Fluge» frå Wikipedia på bokmål, den 21. desember 2006.
    • Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:


  • Andersson, H. 1991. Aktuell klassifisering av inhemska tvåvingar (Diptera), med svenska namn på familjerna. Ent. Tidskr. 112, side 49-52.

  • Borkent, A., McAlpine, J.F., Wood, D.M. og Woodley, N.E. 1989. Manual of Nearctic Diptera, Volume 3. Agriculture Canada, Research Branch, Ottawa.

  • Wiegmann, Brian M. og Yeates, David K., Brachycera, Tree of life web project.

  • Nilssen, A. C. 2003. Hvor langt kan insekter fly. Norsk entomologisk forening. Insekt-Nytt 28 (4), side 21-28

  • Ottesen, P.S. (red.) 1993. Norske Insektfamilier og deres artsantall. NINA utredning ; 055, 40 sider.




Bakgrunnsstoff |



  • Lenkesamling med nettsider om tovengjer (Diptera)


  • Tree of Life - Fluger, (Diptera) - (engelsk)


  • Forensic Entomology - insekt i lik (engelsk)

  • Norsk Entomologisk forening




Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Fluger








Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva