Baker Street av Gerry Rafferty










































Baker Street
Singel av Gerry Rafferty
frå albumet City to City


B-side
«Big Change in the Weather»
(1978)
«Night Owl», «Bring It All Home»
(1990)

Utgjeve
3. februar 1978

Innspelt
1977, Chipping Norton Recording Studios, Oxfordshire, UK

Sjanger

Rock, softrock, jazz

Lengd
4:10 (singel), 6:11 (album), 6:23 (full remix)

Selskap

United Artists

Låtskrivar(ar)
Gerry Rafferty

Gerry Rafferty-kronologi


Baker Street
«Night Owl»
(1979)




«Baker Street» er ein ballade skriven og spelt inn av den skotske musikaren Gerry Rafferty. Han vart gjeven ut som singel i 1978 og nådde toppen av Cash Box-lista og andreplassen på Billboard-lista i USA, der han låg i seks veker. I tillegg nådde han toppen av lista i Canada og Australia, tredjeplassen i Storbritannia og topp 10 i Nederland. Arrangementet er kjend for saksofonriffet som kjem i starten og fleire gonger i løpet av songen.[1]


Rafferty fekk Ivor Novello-prisen for beste song i 1978.[2]
I oktober 2010 hadde songen i følgje BMI passert 5 millionar avspelingar på radio.[3]




Innhaldsliste






  • 1 Opphav


  • 2 Arrangement


  • 3 Medverkande


  • 4 I andre media


  • 5 Coverversjonar


  • 6 Lister


    • 6.1 Gerry Rafferty-versjonen


    • 6.2 Undercover-versjonen




  • 7 Kjelder


  • 8 Bakgrunnsstoff





Opphav |


Songen er kalla opp etter ei kjend gate i London og vart gjeven ut på det andre soloalbumet til Rafferty, City to City, som var den første plata Rafferty gav ut etter kontraktsproblema då det førre bandet hans, Stealers Wheel, vart oppløyst i 1975. I mellomårda hadde ikkje Rafferty løyve til å gje ut nye songar.[4]


Rafferty skreiv songen i ein periode då han prøvde å kome seg laus frå Stealers Wheel-kontrakten, og han reiste ofte mellom familien heime nær Glasgow og London, der han ofte budde hos ein ven i Baker Street. Som Rafferty sa det, «alle saksøkte kvarandre, så eg brukte mykje tid på nattoget frå Glasgow til London for å møte advokatane. Eg kjende ein fyr som budde i ein liten leiligheit i Baker Street. Me sat og preika eller spelte gitar der gjennom natta.»[5]


Slutten av rettsaka og betalingsproblema som dette skapte var oppavet til det siste verset i songen: «When you wake up it's a new morning/ The sun is shining, it's a new morning/ You're going, you're going home.»[6] Dottera til Rafferty, Martha, har sagt at boka som inspirerte songen meir enn noko anna var Colin Wilson sin The Outsider. Rafferty las boka, som handla om framandgjering og kreativitet, medan han reiste mellom Glasgow og London.[7]



Arrangement |


Albumet City to City, inkludert «Baker Street», vart produsert av Rafferty og Hugh Murphy.[8] I tillegg til ein gitarsolo spelt av Hugh Burns, har songen eit markant åtte taktar langt saksofonriff som vert spelt mellom versa av Raphael Ravenscroft.[1][9]


Rafferty hevda han skreiv riffet og hadde opphavleg tenkt å synge melodilinja. Ravenscroft hevda på si side at han fekk songen presentert med «fleire gap». «Faktisk, det meste av det eg spelte var eit gammalt bluesriff,» sa Ravenscroft. «Om du spør meg: 'Gav Gerry meg eit musikkstykke eg skulle spele?' så nei, det gjorde han ikkje.»[10] På utgåva frå 2011 av City To City er det ein demoversjon av Baker Street med saksofondelen spelt på elektrisk gitar av Rafferty, noko som synte at det var Rafferty som skreiv linja. Ei særs lik saksofonlinje, som opphavleg vart spelt av saksofonisten Steve Marcus for songen «Half A Heart», er tilskriven vibrafonisten Gary Burton,[11] på Marcus-albumet Tomorrow Never Knows frå 1968.


Ravenscroft, som var studiomusikar, var i studio for å spele ein kort sopransaksofon-del og foreslo at han kunne spele det kjende riffet på altsaksofonen han hadde liggande i bilen.[6] Dette riffet, som vart kalla «the 'Baker Street' phenomenon», førte til auka sal av saksofonar og at instrumentet vart oftare brukt i popsongar og reklamesongar.[9]



Medverkande |



  • Vokal – Gerry Rafferty

  • Saksofon – Raphael Ravenscroft[1]

  • Sologitar – Hugh Burns[12]

  • Trommer – Henry Spinetti

  • Bassgitar – Gary Taylor[13]

  • Klaverinstrument – Tommy Eyre

  • Perkusjon – Glen Le Fleur

  • Rytmegitar – Nigel Jenkins

  • Strykearrangement – Graham Preskett



I andre media |


Songen vart omtalt av gitaristen Slash som ei inspirasjonskjelde til gitarsoloen hans i «Sweet Child o' Mine».[14]


Songen er nytta i ein episode av The Simpsons.[15]


Songen er nytta i videospelet Grand Theft Auto V, som ein del av Los Santos Rock Radio.


Songen vart nytta i filmen Good Will Hunting og var kjenningsmelodien til radioprogrammet The Dave Ramsey Show.



Coverversjonar |


Dance-gruppa Undercover spelte inn songen i 1992 for albumet Check Out the Groove. Denne versjonen nådde andreplassen på UK singles chart.[16] Songen er òg blitt spelt av fleire andre band og artistar, som Ali Campbell,[17]Foo Fighters,[18]Waylon Jennings og London Symphony Orchestra.[18]Den irske gruppa The Buachaills nådde 95. plassen på den irske singellista med sin versjon, der saksofonsoloen er erstatta av sekkepipe.


Foo Fighters spelte ein versjon av «Baker Street» og gav han ut i USA som B-side til singelen «My Hero» i 1998 frå albumet The Colour and the Shape.



Lister |



Gerry Rafferty-versjonen |





















































År
Liste
Plassering
1978

UK Singles Chart
3
1978

US Billboard Hot 100
2
1978

Australian ARIA Charts
1
1978
Tyskland
3
1990

UK Singles Chart (re-mix)
53
2011

UK Singles Chart
55
2011
Tyskland[19]
69
2011
Nederland
27
2011
Sveits
53


Undercover-versjonen |













År
Liste
Plassering
1992

UK Singles Chart
2


Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Baker Street (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 10. september 2014.

    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:





  1. 1,01,11,2 Maconie, Stuart (2004). Cider With Roadies (1st utg.). London: Random House. s. 256. ISBN 0-09-189115-9. 


  2. Lister, David, Pop ballads bite back in lyrical fashion, The Independent, 28 May 1994


  3. «2010 BMI London Award Winners». BMI. 5 October 2010. Arkivert frå originalen den 8 July 2011. Henta 10. september 2014. 


  4. Eder, Bruce (16 April 1946). «Bruce Eder, Stealers Wheel at». Allmusic.com. Henta 10. september 2014. 


  5. Gerry Rafferty and his songs of alienation Daily Telegraph 2011-01-05,


  6. 6,06,1 Emerson, Ken (4 Jan 2011). «Gerry Rafferty's 'Baker Street' Blues: Rolling Stone's 1978 Feature». Rolling Stone.  CS1 maint: Date and year (link)


  7. Soul Music, BBC Radio Four, 31. januar 2011


  8. Michael Gray (4. januar 2011). «Michael Gray, Gerry Rafferty obituary, The Guardian, 4. januar 2011». London: Guardian. Henta 10. september 2014. 


  9. 9,09,1 Richard Ingham (1998), «Rock and the saksofon», The Cambridge companion to the saksofon, s. 156 


  10. «Stuck in a battle with booze» www.scotsman.com 2 Aug 2008


  11. Richie Unterberger, album Review: Tomorrow Never Knows, AllMusic


  12. «Hugh Burns interview, January 2002, «An affair of the craft», for gitarist magazine at». Andrewbrel.com. Arkivert frå originalen den 7 July 2011. Henta 10. september 2014. 


  13. «Interview with Henry Spinetti at». Mikedolbear.com. 1 May 2011. Arkivert frå originalen den 14 July 2011. Henta 10. september 2014. 


  14. «The 100 Greatest gitar Songs of All Time». Rolling Stone. Arkivert frå originalen den 17 March 2010. Henta 30 March 2010. 


  15. Staff (5. januar 2011). «Baker Street blues no more... songar Gerry Rafferty passes away». News.AU.com. Henta 1 May 2012. 


  16. «Chart Stats – Undercover – Baker Street». Chartstats.com. Henta 10. september 2014. 


  17. «– Review: Ali Campbell – Great British Songs». Express.co.uk. 15 October 2010. Henta 10. september 2014. 


  18. 18,018,1 (spansk) El solo de saxo más famoso de la historia del pop | RPP Noticias


  19. «Adele feiert höchsten Neueinstieg in den Charts - media control». Media-control.de. Henta 10. september 2014. 







Bakgrunnsstoff |



  • "Baker Street" på Discogs (liste over utgjevingar)

  • «Baker Street (Remix)» at Discogs


  • Heile songteksten på MetroLyrics
























Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva