Fontainebleau er ein by og kommune sentralt i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Seine-et-Marne i regionen Île-de-France, og har om lag 15 000 innbyggjarar. Byen ligg 55,5 km frå sentrum av Paris og høyrer til Paris sitt storbyområde.
I lag med nabokommunen Avon og tre mindre kommunar dannar Fontainebleau eit byområde med 36 713 innbyggjarar (1999). Dette urbane området er ein drabantby til Paris.
Fontainebleau er kjend for den store og vakre Fontainebleauskogen, som mange innbyggjarar i Paris vitjar i helgene. Her ligg òg Château de Fontainebleau som kongane i Frankrike budde i og INSEAD, ein av dei fremste handelshøgskulane i verda.
Innhaldsliste
1Historie
2Turisme
2.1Fontainebleauskogen
3Bakgrunnsstoff
Historie |
Under den franske revolusjonen fekk Fontainebleau mellombels namnet Fontaine-la-Montagne, som tyder «Fontenen ved fjella» (fjellet det er snakk om er ei rekkje steinformasjonar i Fontainebleauskogen).
På 1950- og 1960-talet var Fontainebleau hovudkvarter for AFCENT, før det vart flytta til Brunssum i Nederland då president Charles de Gaulle avgjorde at han ikkje lenger ville ha NATO sine atomvåpen på fransk jord, sidan Frankrike no hadde sitt eige atomarsenal.
Turisme |
Fontainebleau er ein populær turiststad. Kvart år vitjar 300 000 turistar palasset, medan om lag 11 millionar vitjar skogen.
Fontainebleauskogen |
Fontainebleauskogen ligg rundt byen og fleire landsbyar. Han vert rekna som ein nasjonalpark, og var tidlegare ein kongeleg jaktpark. Segna seier at skogen vart gjeve til Robin Hood av Richard Løvehjarte.
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...