Oppdal




For kommunen, sjå Oppdal kommune.












































Oppdal

tettstad

OppdalFromAlmannberget.jpg

Oppdal sett frå Almannberget.

Land

Flag of Norway.svg Noreg

Fylke

Sør-Trøndelag

Kommune

Oppdal

Areal
3,58 km²

Folketal
4 299 (2017)
Folketettleik

1 201 / km²



Postnummer
7340 Oppdal/7342 Lønset

Innbyggjarnamn
oppdaling


Oppdal er ein tettstad og administrasjonssenteret i Oppdal kommune i Sør-Trøndelag fylke.



Geografi |


Oppdal er dei første 30 kilometrane av eit dalføre som går vestover frå tettstaden Oppdal og endar ved Sunndalsfjorden og tettstaden Sunndalsøra. Full lengd på denne dalen er 71 kilometer. Vest for fylkesgrensa mellom Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal er namnet på dalføret Sunndal. Frå aust har landskapet form av ein U-dal med ei trong elvekløft som mot vest vert alt djupare. Vestover endrar dalen form og dalen endar som ein V-dal med bratte lier. Dalføret har i sør si grense mot Dovrefjell og i nord, Trollheimen.

Dalføret Oppdal, Drivdalen og Nordskogen med Fagerhaug utgjer, saman med omliggjande fjellområde Trollheimen, Dovrefjell og Austfjella, bygda Oppdal og Oppdal kommune. Namnet på dalføret kjem, naturleg nok, av at dalen ligg høgt i terrenget som stig bratt frå den øvste delen av Sunndalen. Gjennom dalen renn elva Driva som har sine kjelder på Dovrefjell og renn gjennom Drivdalen før ho svingar vestover gjennom hovuddalføret. Vestover dalen møter fleire mindre dalføre hovuddalføret. Frå Trollheimen kjem Skardalen, Gjevillvassdalen og Storlidalen med elvane Dørremselva, Festa og Vindøla. Frå Dovrefjell i sør møter Dindalen hovuddalføret med elva Dindøla. Alle dei møtande dalane er agnordalar som tyder at dei, i motsetnad til det som er vanleg, møter hovuddalen mot retninga på denne.



Samfunn |


Hovudsamferdselsåra gjennom dalen er Rv70 som går på nordsida og endar i Kristiansund. På sørsida går Fv 513 frå Kåsen til Hoel også kalla Vikavegen. Frå Storlidalen møter Fv 511 (Storlidalsvegen) riksveien ved tettstaden. Dalen omfattar to skulekrinsar, Midtbygda og Lønset. Midtbygda har skule, barnehage, museumsbutikk (Vognildsbua) kafe og festlokale (Berghallen) som ligg på Vognill, der Fv 512 (Nerskogsvegen) møter RV70, om lag 6 km frå kommunesentret. Lønset er ein liten tettstad og eit kyrkjesokn 20 km vest for tettstaden Oppdal og har skule, barnehage, samfunnshus, bedehus, eldreboligar, nærbutikk og kyrkje med kyrkjegard (800m nord for tettstaden langs med Fv511).

















































Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva