Tanaro









































Tanaro

elv

Tanaro01.jpg

Nær Alessandria

Land

Flag of Italy.svg Italia

Nedslagsfelt
8 234 km²


Lengd
276 km
Middelvassføring

123 m³/s

Kjelde

Dei liguriske Alpane ved Monte Saccarello
Munning

Po nær Bassignana



Wikimedia Commons: Tanaro




Plasseringa til Tanaro


Tanaro (i antikken Tanarus) er ei 276 km lang elv nordvest i Italia. Elva har utspring i Dei liguriske Alpane, nær grensa til Frankrike og er den viktigaste sideelva til Po frå høgre ut i frå lengd, nedslagsfelt (som delvis dekkjer Alpane og delvis Appenninane) og vassføring.




Innhaldsliste






  • 1 Kjelde


  • 2 Sideelvar


  • 3 Elveleie


  • 4 Vassføring


  • 5 Flaum


  • 6 Kjelder


    • 6.1 Fotnotar







Kjelde |


Tanaro startar frå Liguria der to mindre elvar renn i saman, Tanarello og Nerone, som begge kjem frå Piemonte. Kjelda til Tanarello er i fjellsida til Monte Saccarello ovanfor Monesi, ein landsby i kommunen Triora (IM). Dette fjellet strekkjer seg inn i det franske departementet Alpes-Maritimes og dekkjer provinsen Cuneo (Piemonte) og provinsen Imperia (Liguria) i Italia. Fjellet markerer grensa mellom tre forskjellige nedslagsfelt: Tanaro sitt, det til Roya, som startar i Frankrike, men renn ut i havet ved Ventimiglia, og Argentina, som renn ut i Liguriahavet ved Taggia.


Kjelda til Negrone ligg 10 km lenger nord, svært nær den franske grensa og sør for Punta Marguereis.



Sideelvar |


Dei største sideelvane til Tanaro er Stura di Demonte frå venstre og Bormida og Belbo frå høgre.



Elveleie |


Tanaro renn forbi byane Ceva, Alba, Asti og Alessandria før ho munnar ut i Po nær Bassignana i provinsen Alessandria.
Elva fram til samløpet med Po er rundt 50 km lenger enn Øvre Po.[1]



Vassføring |


Vassføringa i elva varierer stort med årstidene. Sjølv om ho er den einaste av Po sine sideelvar frå høgre som har opphav i Alpane, er Dei liguriske Alpane for låge og for nær sjøen til at dei har mykje snø eller isbrear store nok til å gje ei jamn tilførsel av vatn om sommaren. Vassføringa i elva varierer derfor meir som ei elv frå Appenninane, lågast om sommaren og høgast om våren og hausten.



Flaum |


Elva er ofte utsett for flaum. I løpet av 200 år frå 1801 til 2001 har delar av Tanarobassenget vore råka av flaum 136 gonger, den mest alvorlege i november 1994 då heile dalen vart hardt råka og særleg byen Alessandria.



Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Tanaro» frå Wikipedia på engelsk, den 20. november 2018.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:  




  • SUL MONTE SACCARELLO Una camminata alla scoperta delle sorgenti del Tanaro


  • F. Luino (2003). «49: Flooding Vulnerability of a Town in the Tanaro Basin: The Case of Ceva (Piedmont - Northwest Italy)». I V.R.Thorndycraft, G. Benito, M. Barriendos og M.C. Llasat. Palaeofloods, Historical Floods and Climatic Variability: Applications in Flood Risk Assessment (PDF). Henta 18. juni 2006. CS1-vedlikehald: Fleire namn: redaktørliste (link)



Fotnotar





  1. «Tanaro Po, Italy». acquabuona.it. 2009. Henta 6. april 2009. 








Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva