Stord kommune


































































Stord kommune

kommune





kommunevåpen


Land

Flag of Norway.svg Noreg

Fylke

Hordaland


Adm.senter

Leirvik

Areal
144 km²
 - land
137 km²
 - vatn
7 km²

Folketal
18 780 (1. januar 2018)
Folketettleik

137 / km²



Målform
nynorsk

Ordførar

Gaute Epland (Ap)


Kommunenr.
1221




NO 1221 Stord.svg




Wikimedia Commons: Stord

Nettstad: www.stord.kommune.no


Stord er ein bykommune som utgjer om lag halvparten av øya Stord i Hordaland fylke, i Sunnhordland. Namnet Stord kjem frå norrønt og tyder den høgreiste. Stord har bystatus etter eit kommunestyrevedtak i 1997. Kommunesenteret heiter Leirvik, på folkemunne kalla «Vikjo». I Leirvik bur det om lag 14 000 innbyggjarar[1]. Sagvåg er nest største tettstad, med om lag 3 500 innbyggjarar.[1] Totalt er det 18 775 innbyggjarar i Stord kommune.[2] Industriverksemdene Kværner Stord, Wärtsila og Apply Leirvik sysselset kring 3000 arbeidarar. Desse bedriftene er mellom dei leiande i verda på områda sine innan leverandørindustrien.


Kommunestyret har 35 representantar. Den politiske leiinga i kommunen er ein koalisjon mellom Arbeiderpartiet, Kristeleg folkeparti, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet. Gaute Epland frå Arbeiderpartiet er ordførar.


Stord Sjukehus, Stord vidaregåande skule og Høgskolen Stord/Haugesund ligg i kommunen. Stord har eit stort idrettsmiljø, Stord Idrettslag sitt handballag har tidlegare spela i eliteserien, Stord Sumoklubb har tidlegare hevda seg i Europa-toppen i sumobryting og Kjell Storelid vann OL-medaljar i skeiseløp i 1994.




Innhaldsliste






  • 1 Geografi


  • 2 Historie


  • 3 Næringsliv


  • 4 Aviser


  • 5 Folketalsutvikling


  • 6 Bydelar


  • 7 Kjende personar frå Stord


  • 8 Skular på Stord


    • 8.1 Barneskular


    • 8.2 Ungdomsskular


    • 8.3 Vidaregåande skular


    • 8.4 Høgskular




  • 9 Venskapsbyar


  • 10 Kjelder


    • 10.1 Fotnotar




  • 11 Bakgrunnsstoff





Geografi |




Bussterminalen på Leirvik




Aker Kværner Stord er den største verksemda i kommunen


Kommunen ligg på øya Stord, der byen Stord ligg i sør, og Fitjar kommune ligg i nord. Stord omfattar eit 144 km² stort areal på dei busette øyane Stord (127 km²), Huglo (13,9 km²) og Føyno (1,3 km²). I tillegg kjem fleire mindre øyar og holmar. Over sund og fjordar kjem ein i aust til Kvinnherad, i sør til Sveio og i vest til Bømlo.


Nordaust i kommunen er det fleire høge fjell. Den høgaste toppen er Mehammarsåto på 749 moh.,[3] medan den mest kjende er Kattnakken, som ligg 734 moh. Her ligg det ein TV-sendar og det går bilveg heilt til topps.


Sør og aust er det lågland med mykje god dyrkingsjord. Her ligg det meste av busetnad, industri og jordbruksareal. Tettstaden Leirvik strekkjer seg frå Rommetveit i aust til Skjersholmane og Heiane i sør.


Trekantsambandet med bruer og undersjøisk tunnel gjev samband sørover til Sveio på fastlandet og til øykommunen Bømlo. Europaveg 39, hovudvegen mellom Bergen og Stavanger, går over øya. Det finst ferjesamband frå Skjersholmane til Ranavik i Kvinnherad, og frå Jektevik til Hodnanes på Tysnes og Huglo. Frå Stord Lufthamn Sørstokken går det dagleg rutefly til Oslo. Leirvik er eit viktig regionssentrum i Sunnhordland, og er eit knutepunkt for kollektivtrafikken i området, med snøggbåtkai og busstasjon.



Historie |


Stord kommune vart oppretta i 1838, som følgje av formannskapslovene av 1837. Fitjar vart skilt ut som eigen kommune i 1860, og Valestrand i 1868.



Næringsliv |


Viktigaste næring på Stord er leverandørindustrien innan Olje og Gass. Industriverksemdene Kværner Stord og Apply Leirvik har rundt 3000 fast tilsette. Desse bedriftene er mellom dei leiande i verda på områda sine innan leverandørindustrien. Store delar av installasjonane, inkludert dei aller største, i Nordsjøen er bygde og samanstilte av Kværner Stord. Kværner Stord har levert plattformer og andre installasjonar sidan slutten av 70-talet.



Aviser |


Avisa Sunnhordland kjem ut på Stord. Det gjer også nettavisa Stord24. Leirvik har lokalkontor for NRK.


I 2008 starta nettavisa Innsida ei vekeavis på papir, som første nettavis i Noreg. Innsida.no vart starta i 2003 med base i Kvinnherad og frå 2006 også på Stord. Nettstaden vart ved årsskiftet 2007-08 kjøpt av Haugesunds Avis.



Folketalsutvikling |


Folketalsutvikling for Stord kommune frå 1920:



























1.12.1920[4]
1.12.1930[5]
3.12.1946[5]
1.1.1951[6]
1.1.1961[6]
1.1.1971[6]
1.1.1981[6]
1.1.1991[6]
1.1.2001[6]
1.1.2010[6]
3990
4057
5030
5583
7766
10607
13007
14684
16241
17565


Bydelar |



  • Leirvik[7]

  • Heiane/Digernes/Eldøy

  • Sagvåg/Litlabø

  • Nordbygdo

  • Huglo



Kjende personar frå Stord |




  • Janove Ottesen (f. 1975), artist, vokalist i Kaizers Orchestra


  • Bård Haugland, første bonde på Stortinget


  • Olav Akselsen, sjøfartsdirektør, tidlegare stortingsrepresentant og statsråd


  • Kjell Storelid, skeiselaupar


  • Håvard Tvedten, handballspelar


  • Christian Brink, fotballspelar


  • Øyvind Angeltveit, komikar og medlem av Lompelandslaget


  • Arve Isdal, gitarist i metallbandet Enslaved


  • Rune Belsvik, forfattar


  • Severin Eskeland Jr, filmregissør


  • Per Olav Kaldestad, forfattar


  • Atle Hansen, forfattar, komponist og journalist


  • Synnøve Macody Lund (f. 1976), skodespelar og forfatter


  • Selma Lønning Aarø, forfattar


  • Per Ståle Lønning, journalist og programleiar


  • Dag Jørund Lønning, bygdeforskar og høgskulerektor


  • Magne Rommetveit, stortingsrepresentant, tidlegare ordførar


  • Ivar Eskeland, forfattar, omsetjar, litteraturkritikar og kåsør


  • Christine Hope, komikar og skodespelar



Skular på Stord |



Barneskular |



  • Hystad skule

  • Langeland skule

  • Leirvik skule

  • Litlabø skule

  • Rommetveit skule

  • Sagvåg skule

  • Tjødnalio skule



Ungdomsskular |



  • Nysæter ungdomsskule

  • Nordbygdo ungdomsskule

  • Stord ungdomsskule



Vidaregåande skular |


  • Stord vidaregåande skule


Høgskular |


  • Høgskulen på Vestlandet


Venskapsbyar |



  • Flagget til Guatemala San Juan Comalapa i Guatemala[8]


  • Flagget til Finland Hangö i Finland


  • Flagget til Danmark Gentofte i Danmark


  • Flagget til Sverige Halmstad i Sverige


Kjelder |




  • Interkommunalt arkiv i Hordaland

  • Statistisk Sentralbyrå

  • Allkunne



Fotnotar |





  1. 1,01,1 «Befolkning og areal i tettsteder, 1. januar 2015». Henta 08.11.2016. 


  2. «Folkemengde og befolkningsendringar, 2. kvartal 2016». Henta 08.11.2016. 


  3. World Wide Vikings


  4. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)


  5. 5,05,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)


  6. 6,06,16,26,36,46,56,6 Folkemengde i Stord 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå


  7. Stord Kommune (20.12.2010). «INNSPEL OM AREALBRUK SETT I LYS AV EIT BYDELSSENTER VED NORDBYGDO» (PDF). Henta 03.05.2018. 


  8. «Venskapskommunar - Stord kommune», www.stord.kommune.no, henta 2018-04-30 





Bakgrunnsstoff |


  • Nettstaden til kommunen











Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva