Keip






Hardangerkeip. Flatkeip som er festa til esinga med to trenaglar.
Foto: Andreas Vartdal



Ved hjelp av ein keip vert krafta frå åretaket overførd til båten når ein ror. Ordet keip kan leiast attende til
norrønt keipr.




Innhaldsliste






  • 1 Oppbygging


  • 2 Ulike keipar


    • 2.1 Innvendige keipar


      • 2.1.1 Skjeggkeip


      • 2.1.2 Snellekeip




    • 2.2 Keipar opp på ripa


      • 2.2.1 Flatkeip






  • 3 Tollepinnar


  • 4 Åregaffel


  • 5 Andre keipar


  • 6 Utvikling og utbreiing


    • 6.1 Om keip kan nemnast


    • 6.2 Fotnotar




  • 7 Kjelder


    • 7.1 På nettet







Oppbygging |


Ein keip er i utgangspunket ein trehake av eit hardt og sterkt emne. Den delen av keipen som åra ligg på vert kalla lunnen eller livet. Under roing vert åra pressa mot keipsnevet, som står opp i framkant av keipen. Utforminga av keipen er avhengig av ripa si oppbygging.


Keipen må plasserast slik at det er godt å ro. Ein regel er at bakkant av keipsnevet skal ligge midt i rommet.


Ved hjelp av eit hamleband vert åra halda på plass på keipen, samstundes som det lettar roinga.



Ulike keipar |



Innvendige keipar |




Skjeggekeip på Sunnmørsottring
Foto: Andreas Vartdal



Når ripa er smal, berre eit enkelt bord, som kan ha ei list i overkant, vert keipen plassert på innsida av ripa, slik at berre lunnen og nevet kjem opp om ripa. Då må keipen festast ut i ripa, med trenaglar,saum eller spikar.



Skjeggkeip |


Skjeggkeipen har fått namnet sitt fordi den har eit langt skjegg som går fram og ned langs ripa. Ofte er dette på båtar som har esinga eit stykke nede i båten. Keipsskjegget når ofte ned på esinga, og stør keipen på ho. Eller skjegget når ned på suda mot neste bord. Der er den fest med ein saum. Skjeggekeipen er i tillegg festa med to trenaglar til ripa. Naglane har då hovudet på utsida av ripa, og er åretta innvendig. Stundom kan eine naglen vere utbytta med ein båtsaum. Skjeggkeipen er laga av bjørk eller fure. Ein treng då eit emne med ei noko stor grei. Keipsnevet og skjegget vert laga av stamma. Lunnen vert laga av greina.


På Åfjordsbåtar vert skjegg-keipen kalla haus-keip.




Hans Strøm si teikning av skjeggkeip med snelle.[1]



Snellekeip |


Snellekeipen er og ein innvendig keip. Han vert brukt når esinga ligg nede i båten. Frå keipen går det to teinar, sneller som støttar mot esinga. Lunnen vert utforma av stamma til treet, keipsnevet av ei grein. Snellekeipen vert laga av fure, bjørk eller eik. Snellene av fure eller bjørk. Ein skjeggkeip kan vere støtta opp av ei snelle i bakkant.



Keipar opp på ripa |




Keip med toll og hamleband.
Foto: Andreas Vartdal




Flatkeip |


Flatkeipen ligg oppe på ripa. Ripa må då vere noko brei. Det kan vere esinga som ligg etter ripa, ei langise eller eit vaterbord. Flatkeipar som ligg oppe på vaterbordet vert festa med to trenaglar som er åretta oppe. Hovudet under vaterbordet ligg slik at naglane er lette å sage av om keipen må skiftast.


Båtar med tollegangar kan og ha flatkeip. Dei kan ha ein tollepinne i bakkant. Då kan hamlebandet sløyfast.


Flatkeipar er laga av furu, bjørk, gran eller eik. Emnet vert teke slik at keiplunnen er frå stamma og keipsnevet av ei gein.



Tollepinnar |




Båt med tollepinnar i 18.århundre. Illustrasjon av William Hogath


Tollepinnar er to pinnar, ein framom og ein bakom åra. Tollepinnane kan stå i ein tollegang, som ligg utanfor eller innanfor skvettripa. Tollepinnane går gjennom tollegangen, så dei einkelt kan slåast lause og bytast om det er naudsynt. Mellom tollepinnane er det gjerne nedfelt eit slitestykke, ein tollekloss. Han kan vere laga av hardved, endeved, kvalbein eller liknande. Manglar tollegangar kan tolleklossen vere større og plasserst på vaterbordet. Det vanlegaste er runde tollepinnar. Men dei kan og vere ovale eller firkanta.


Tollepinnar bør lagast av eit hardt og slitesterkt materiale som til dømes bjørk eller eik. Rogn har og vorte brukt, sjølv om det treslaget vanlegvis har vore bannlyst i båt.
Tollepinnar kan og vere laga av metall, men det slit sterkt på årane.




Åregaffel. Åra er sleta av gnag mot jarnet.
Foto: Andreas Vartdal




Åregaffel |


På mellom anna nyare seirieproduserte bår av tre og plast finn vi ofte åregaflar. Dei kan vere støypte av metall eller plast. Ofte er dei avtakbare eller kan vendast ned når dei ikkje er i bruk. Dette for å forenkle arbeidsprosessar i båten, og for å redusere faren for at nokon skadar seg. Åregaffelen står i ein haldar på ripa.
Kommunane Fosnes og Tjøme har åregaffel i kommunevåpenet.




Keip med keipsnev av jarn
Foto: Andreas Vartdal




Andre keipar |


Det finst ein del andre keipar:


  • Keipsnevet og lunnen kan vere laga av to delar. Ofte kan keipsnevet takast laust. Det forenklar arbeid med garn og anna reiskap. Og det er tryggare under transport av dyr.

  • Keipsnevet kan vere av metall. Antan ei metallykkje som står loddrett mot åra, eller ein tollepinne av metall.

  • Slagkeipar er lause keipar som kan setjast på, særleg fram om dei andre keipane, når det er ynskjeleg med fleire roarar.

  • Ferdig støypte plaststykke med to oppståande horn til å plassere åra mellom. Desse kan verte kalla tollegangar.


Utvikling og utbreiing |




Kommunevåpenet til Radøy kommune


Den eldste keipen vi kjenner i Skandinavia er frå Mangerkulturen. Det er ein keip som er laga for paddelroing. Roaren sat og såg framover i fartsretninga. Ein annan keip frå Manger, ein høvdingkeip frå 400 - 500 talet, er brukt som modell til Radøy kommune sitt kommunevåpen. Keipane på våpenet er ein del ulik originalen.


Av keipar vi i dag finn på eldre båtar ser vi ei utvikling. Det kjem mykje av utviklinga av ripa. Dei eldste båtane har ei enkel rip, av eit bord. Slike riper har innvendige keipar som skjeggkeipar og snellekeipar. Etter kvart som ripa vart breiare, kunne keipane plasserast oppe på ripa. Og med vaterbord og tollegangar fekk vi tollepinnar.


Innvendige keipar har vore brukte over store delar av landet. På gamle nordlandsbåtar finn vi skjeggkeipar, gjerne med ei snelle. På åfjordsbåtar er det ikkje funne innvendige keipar. På Sunnmøre vart ripa breiare med møringsbåtane som kom i bruk kring 1880.


Lenger sør på Vestlandet var dei gamle keipane lengst i bruk i Nordfjord, snellekeipar, og i Sogn, skjeggkeipar.


På Austlandet har tollepinnar og åregaflar vore dominerande.



Om keip kan nemnast |


Keipane er viktige til handtak når båten skal setjast på land eller skuvast på sjø.


Keipen er eit mykje brukt fjellnamn. Desse fjella har ein utsjånad som minner om ein keip.



Fotnotar |





  1. Strøm,1762




Kjelder |




  • Jon Bojer Godal: Tre til båtar. Oslo 2001. ISBN 82-529-2403-4

  • Øystein Færøyvik: Vestlandsbåtar

  • Gunnar Eldjarn og Jon Godal: Åfjordbåten og Nordlandsbåten Bind 2, 3 og 4.ISBN 82-992217-1-4


  • Hans Strøm: Physisk og Oeconomisk Beskrivelse over Fogderiet Søndmøer, beliggende i Bergens Stift i Norge. 1-2 Part.. Sorøe 1762-66.



På nettet |


Båtfunna på Manger







Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva