Kvamskogen






På veg til Såta (øvst til høgre)


Kvamskogen ligg i Kvam herad i Hordaland fylke. Eikedalen i Samnanger kommune vert stundom òg rekna med til Kvamskogen. Området har ikkje så mykje skog, og kan meir reknast som eit snøsikkert fjellområde med fleire skitrekk. Staden er eit hytte- og skiområde for folk i Hordaland, og Kvamskogen er Bergens store utfartstad spesielt vinterstid. Det er lange skiløyper til mellom anna Tveitakvitingen 1299 meter over havet. Det gamle stølsområdet i Mødalen, populært kalla Negerlandsbyen, er likevel staden skiturfolket foretrekkjer når dei skal gå kortare turar.


Ved Fossen Bratte i Samnanger var det trefningar mellom tyske og norske styrkar under den andre verdskrigen.


Fylkesveg 7 går over platået. Det vart i 2007 lansert planar om å leggje vegen i ein tunnel frå Neteland i Kvam til Mørkhølen i Samnanger.



Bakgrunnsstoff |




  • Skildring av ein tur til Tveitakvitingen med bilete.


  • Kvam herad om Kvamskogen.

    Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.






Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva