Petroleumsverksemd




Petroleumsverksemd, petroleumsnæringa eller oljeindustrien vert gjerne brukt om alt som har med produksjon av petroleum å gjere, frå utvinning og transport, til foredling og sal, samt forsyningsnæringa (som oftast kalla supplynæringa). Desse vert gjerne delt inn att i offshore (eller utaskjærs) verksemd og landbunde (onshore) verksemd.


Ettersom petroleum er ei av dei viktigaste energikjeldene i verda, er slik verksemd viktig for både lokalsamfunn og land (sjå mellom anna petroleumsverksemda i Noreg). I mange land er petroleumsverksemd ein av dei viktigaste næringsvegane. Petroleumsnæringa treng mykje og dyrt utstyr, og mykje mannskap, noko som fører med seg store positive økonomiske ringverknader. Petroleumsverksemda er i somme land vorte så omfattande at det utgjer mest heile nasjonaløkonomien. Mellom slike land er Kuwait og Saudi-Arabia. Om inntektene til eit land er tufta mest berre på petroleumsverksemd, vert det omtala som Kuwaitøkonomi.


Petroleumsverksemd vert vanlegvis delt inn i tre hovuddelar. Desse delane er:




  • Oppstraums petroleumsverksemd - Leiting etter og utvinning av petroleum


  • Midtstraums petroleumsverkstemd - Transport, lagring og sal av store mengder ikkje raffinert petroleum


  • Nedstraums petroleumsverksemd - Raffinering og sal av petroleumsprodukt til forbrukarar



Biletgalleri av petroleumsverksemd frå boring til bensinstasjon |





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva