Barlind





































Barlind

Barlind
Barlind

Status
Status i verda: LC Livskraftig

Systematikk

Rike:

Plante Plantae

Rekkje:

Nakenfrøingar Gymnospermae

Klasse:

Coniferae

Familie:

Barlindfamilien Taxaceae

Slekt:

Taxus

Art:

Barlind T. baccata

Vitskapleg namn

Taxus baccata

L., 1753


Barlind (europeisk barlind, vitskapleg namn Taxus baccata) er eit særs seintveksande, alltid grønt og giftig bartre i barlindfamilien.


Treet kan ha ein eller fleire stammer, eller vekse som ein busk. Høgda er vanlegvis ikkje meir enn 10 meter, men i somme høve opp til 20 meter. Nålene sit i spiral kring kvisten og er mjuke, flate, lansettforma og mørkegrøne, med glinsande overside og matt underside.




Hannrakler.




Nåler og modne (raude) og umodne konglar, òg kalla frukter. Fruktkjøtet er i røynda eit omdanna kongleskjell som veks ut frå stilken og etter kvart legg seg kring mesteparten av frøet, men utan å skjule det heilt, slik det går fram av fotografiet.


Konglane, ei kjøtfull frøkappe som for barlind òg vert kalla frukter, har berre eitt einaste 4-7 mm langt frø. Fruktene er 8–15 mm store, modne etter 6–9 månader, ikkje giftige og med ein søtleg smak som fuglar set pris på. Frøet i frukta går uendra gjennom fuglen, slik at trea vert spreidde til nye område ved hjelp av fuglane. Sjølv om fruktene ikkje er giftige, er frøet inni og heile resten av planten giftig.[1]


I Noreg veks barlind vilt i spreidde førekomstar i traktene kring Mjøsa og Oslofjorden og nordover i kyststroka til Hjørundfjorden på Sunnmøre, der ein har registrert den nordlegaste førekomsten i Europa. Elles finn ein barlind i heile Europa, i Nordvest-Afrika, Nord-Iran og Sørvest-Afrika.


Barlind er blant dei trea som kan verte særs gamle. Nokre kjende gamle tre er Fortingall Yew i Skottland, som kan vera opptil 5000 år gammalt, Ashbrittle Yew i England på rundt 3000,[2] Alte Eibe i Balderschwang i Bayern i Tyskland, rekna for å vera opptil 2000 år gammalt,[3] og Caesarsboom i Lo i Belgia, som ein reknar med er over 1000 år.[4]


Mange kultiverte variantar av barlind er planta i private og offentlege parkar og botaniske hagar.


Greiner av barlind er spenstige og vart i tidlegare tider nytta som materiale til bogar for jakt og krig.




Kjelder |





  1. Giftinformasjonssentralen


  2. John Stokes and Donald Roger, The Heritage Trees of Britian & Northern Ireland Constable (2004).


  3. «Die 2000-jährige Eibe», balderschwang.de


  4. «Westpoort en Caesarsboom», www.lauka.be




Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Barlind








Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva