Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!
Ein lærar er ein kunnskapsformidlar. Ein person som er utdanna til å undervise barn og ungdom blir òg kalla ein pedagog.
Innhaldsliste
1Lærargrupper
2Lærarutdanning
3Historikk
4Bakgrunnsstoff
Lærargrupper |
Lærarar er delte inn i fleire undergrupper, ut frå kva utdanning dei har:
Førskulelærar: utdanna pedagog retta mot barn frå 3 til 6 år (opp til 10 år med tilleggsutdanning). Minimum 3 års utdanning.
Ålmennlærar: utdanna pedagog for grunnskulen (1. til 10. klasse) med minst 4 års utdanning.
Adjunkt: lærer med cand.mag.-grad eller bachelor og pedagogisk utdanning.
Lektor: lærar med hovudfag eller mastergrad og pedagogisk utdanning.
Yrkesfaglærar: lærar i yrkesfag / praktiske fag med praktisk og teoretisk utdanning innanfor sitt fagområde + pedagogisk utdanning.
Rektor: skuleleiar.
Lærarutdanning |
Lærarutdanninga kan òg delast i ulike undergrupper som siktar inn mot ulike lærargrupper:
Førskulelærarutdanning på tre år.
Ålmennlærarutdanning på fire år.
Yrkesfaglærarutdanning på tre år.
Praktisk-pedagogisk utdanning på eitt år, nytta som påbyggingsstudium til bachelorgrad eller mastergrad, og for yrkesfaglærarar med praktisk og teoretisk fagutdanning, f.eks. fagbrev og teknisk fagskole.
Integrert mastergrad (femårig).
Det er laga nasjonale rammeplanar for dei ulike lærarutdanningane der det er fastsett studiepoengskrav i høve fag, fagdidaktikk, pedagogikk og praksis.
Historikk |
Dei fyrste lærarutdanningskursa for allmugeskulen vart starta på slutten av 1700-talet. Desse var drive i privat regi og det same var mange av lærarskulane som kom til i siste halvdel av 1800-talet. Den fyrste offentlege lærarskulen vart oppretta i 1826 i Trondenes ved Harstad.
Dei to-årige stiftsseminara bygde på allmugeskulen, og var nytta som lærarutdanning på 1800-talet.
I 1890 vart lærarutdanninga for fyrste gong regulert gjennom ei eiga lov.
Lengda på lærarutdanninga vart i 1902 regulert til tre-årig, ved lærarskolelovene av 1930 og 1938 vart utdanninga fire-årig med ei to-årig studentlinje. Med lærarutdanningslova av 1973 vart ålmennlærarutdanninga tre-årig, bygd på gymnas/studiekompetanse, og frå 1992 fire-årig.
Den praktiske pedagogiske utdanninga (for å verte adjunkt, lektor eller yrkesfaglærar) blei i 1991 utvida frå eit halvt år til eitt år.
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...