Hoppe







Finlandshest-hopper




Ei avlshoppe og føl


Ei hoppe eller (når ho er vaksen) merr (norrønt merr og marr) er eit hodyr i hestefamilien. Ordet blir brukt for hest, esel, muldyr og mulesel. Blir hoppa brukt i avl, blir ho kalla avlshoppe. Ein hest av hannkjønn blir kalla hingst eller vallak.



Lynne |


Hopper blir rekna for å vere lettare å handtere enn hingstar, men hoppene har også ein tendens til å kunne vere strie og uviljuge, spesielt når dei nærmar seg brunst.



Bruk |


Hopper blir brukt i all hestesport, sjølv om det er somme som føretrekkjer hingstar framfor hopper. Beduinane føretrekte hopper under sine tokt, fordi hingstane ville vrinske til hestane i motstandarane sin leir, medan hoppene heldt stilt.


Hopper er også brukt til mjølkeproduksjon, spesielt blant nomadar og tidlegare nomadefolk i Sentral-Asia. Gjæra hoppemjølk, kjent som kumis, er nasjonaldrikken i Kirgisistan. Hoppemjølk blir også produsert i Noreg.



Fotnotar |





  • Denne artikkelen bygger på «Hoppe» frå Wikipedia på bokmål, den 30. mars 2009.








Popular posts from this blog

Olav Thon

Waikiki

Tårekanal