1979












< 1979 >




1977 | 1978 | 1979 | 1980 | 1981


  • Kultur i 1979



















1979 (romartal MCMLXXIX) var eit normalår som byrja på ein måndag i den gregorianske kalenderen.




Innhaldsliste






  • 1 Hendingar


    • 1.1 Utlandet


    • 1.2 Noreg




  • 2 Fødde


  • 3 Døde





Hendingar |



Utlandet |




  • 1. januar: USA og Kina oppretta diplomatisk samband.


  • 5. januar: Iran fekk ei ny, sivil regjering som del av den iranske revolusjonen.


  • 7. januar: Vietnamesiske styrkar gjekk inn i Phnom Penh og overtok makta i Kambodsja etter Raude Khmer.


  • 11. februar: Pakistan innførte sjaria som gjeldande strafferett.

    • Ayatolla Khomeini tok makta i Iran.



  • 17. februar: 170 000 kinesiske soldatar invaderte Vietnam som ein lærepenge for den vietnamesiske invasjonen av Kambodsja, og for overgrep mot den kinesiske minoriteten i Vietnam. Styrkane trekte seg ut igjen 5. mars.


  • 22. februar: Saint Lucia fekk sjølvstende frå Storbritannia.


  • 13. mars: EF-landa oppretta Det europeiske valutasystemet (EMS) og innførte ecu (European Currency Unit) som valutaeining.


  • 26. mars: Anwar el-Sadat, Menahem Begin og Jimmy Carter underteikna Camp David-avtalen i Washington D.C..


  • 28. mars: Eit kjernekraftverk på Three Mile Island ved Harrisburg i Pennsylvania i USA tok til å leka radioaktiv damp. Den 1. april blei 50 000 evakuerte då ein frykta nedsmelting.


  • 1. april: Iran blei islamsk republikk.


  • 4. april: Den avsette statsministeren i Pakistan, Zulfikar Ali Bhutto, blei avretta.


  • 11. april: Styrkar frå Tanzania hærtok hovudstaden i Uganda, Kampala, og tvinga Idi Amin i eksil.


  • 18. april: Major Saad Haddad erklærte Sør-Libanon som sjølvstendig stat.


  • 1. mai: Grønland fekk heimestyre.


  • 4. mai: Margaret Thatcher blei statsminister i Storbritannia.


  • 23. mai: Karl Carstens blei vald til president i Vest-Tyskland.


  • 4. juni: Jerry Rawlings leidde eit militærkupp i Ghana og blei innsett som president.


  • 7.–10. juni: EF-landa arrangerte det første direkte valet til EF-parlamentet i Strasbourg.


  • 16. juli: Saddam Hussein blei president i Irak


  • 19. juli: I Nicaragua rykte sandinistane inn i hovudstaden Managua og overtok makta i landet.


  • 1. august: Nigeria overførte eigedommane til British Petroleum i landet til nasjonalt eige.


  • 2. august: Ein syklon ramma Hongkong. 500 internerte vietnamesiske båtflyktningar døydde.


  • 1. oktober: Panama overtok suvereniteten over Panamakanalen.


  • 26. oktober: Mislukka kuppforsøk i Sør-Korea. President Park Chung Hee blei drepen av etterretningssjefen i landet før kuppmakarane blei slått ned.


  • 4. november: Den amerikanske ambassaden i Teheran i Iran blei storma av ei folkemengd og rundt 90 amerikanske statsborgarar tekne som gislar.


  • 7. november: Ei grunnlovsendring i Sverige gjorde at prinsesse Victoria blei tronarving.


  • 1. desember: Den amerikanske ambassaden i Tripoli i Libya blei storma og brend av demonstrantar.


  • 27. desember: Sovjetunionen invaderte Afghanistan. Presidenten Hafizullah Amin blei drepen.



Noreg |




  • 15. mars Lov om likestilling mellom kjønna trer i kraft.


  • 5. juli: Altasaka. Demonstrantar mot kraftutbygginga i Alta- og Kautokeino-vassdraga oppretta leir i Stilla, lenka seg saman og stoppa anleggsmaskinane.


  • 10. august: Krigsskolen tok opp sine første kvinnelege elevar.


  • 16. september: Kommune- og fylkestingsval. Arbeidarpartiet gjorde sitt dårlegaste kommuneval sidan krigen, Høgre hadde størst framgang.


  • 17. september: Altasaka: I Stilla blei 80 demonstrantar fjerna og gjevne store bøter av politiet. Dei fleste demonstrantane var framleis på plass.



Fødde |




Fredsprisvinnaren Tawakkul Karman vart fødd 7. februar


Sjå òg Fødde i 1979.



  • 7. februar: Tawakkul Karman, jemenittisk fredsprisvinnar


  • 12. april: Thomas Dybdahl, norsk musikar


  • 23. april: Samppa Lajunen, finsk skirennar


  • 1. mai: Lars Berger, norsk idrettstrutøvar


  • 19. mai: Diego Forlán, uruguayansk fotballspelar

    • Vegard Ylvisåker, norsk komikar



  • 12. juni: Robyn, svensk musikar


  • 25. juni: Haddy N'jie, norsk musikar og programleiar


  • 8. juli: Noora Noor, norsk musikar


  • 5. september: John Carew, norsk fotballspelar


  • 8. september: P!nk, USA-amerikansk artist


  • 17. oktober: Kimi Räikkönen, finsk bilsportutøvar


  • 10. november: Ragnvald Soma, norsk fotballspelar



Døde |




Johan Borgen døydde 77 år gammal den 15. oktober


Sjå òg Døde i 1979.



  • 5. januar: Charles Mingus, USA-amerikansk jazzmusikar


  • 2. februar: Sid Vicious, britisk rockemusikar


  • 4. april: Zulfikar Ali Bhutto, pakistansk president


  • 27. april: Gutorm Gjessing, norsk samfunnsforskar


  • 7. mai: Erik Brofoss, norsk økonom og politikar


  • 11. juni: John Wayne, USA-amerikansk skodespelar


  • 22. juli: Stein Rokkan, norsk samfunnsforskar


  • 15. oktober: Johan Borgen, norsk forfattar


  • 26. oktober: Park Chung Hee, sørkoreansk president


  • 10. november: Alf Rolfsen, norsk målar


  • 24. desember: Rudi Dutschke, tysk studentleiar


  • 27. desember: Hafizullah Amin, afghansk president



<<   1900-talet   >>

<< 1900 | 1901 | 1902 | 1903 | 1904 | 1905 | 1906 | 1907 | 1908 | 1909 | 1910 | 1911 | 1912 | 1913 | 1914 | 1915 | 1916 | 1917 | 1918 | 1919 | 1920 | 1921 | 1922 | 1923 | 1924 | 1925 | 1926 | 1927 | 1928 | 1929 | 1930 | 1931 | 1932 | 1933 | 1934 | 1935 | 1936 | 1937 | 1938 | 1939 | 1940 | 1941 | 1942 | 1943 | 1944 | 1945 | 1946 | 1947 | 1948 | 1949 | 1950 | 1951 | 1952 | 1953 | 1954 | 1955 | 1956 | 1957 | 1958 | 1959 | 1960 | 1961 | 1962 | 1963 | 1964 | 1965 | 1966 | 1967 | 1968 | 1969 | 1970 | 1971 | 1972 | 1973 | 1974 | 1975 | 1976 | 1977 | 1978 | 1979 | 1980 | 1981 | 1982 | 1983 | 1984 | 1985 | 1986 | 1987 | 1988 | 1989 | 1990 | 1991 | 1992 | 1993 | 1994 | 1995 | 1996 | 1997 | 1998 | 1999 >>










Popular posts from this blog

Olav Thon

Waikiki

Tårekanal