Percheron






Percheron.


Percheron er ein fransk arbeidshestrase.




Innhaldsliste






  • 1 Raseskildring


  • 2 Historie


  • 3 Førekomst


  • 4 Bruk


  • 5 Bakgrunnsstoff





Raseskildring |


Percheron er ein stor hest, med ei høgd på 1,65 til 1,85 m og ei vekt på 900 til 1200 kg. Farga er svart eller skimmel. Kroppen er kompakt og muskuløs, med krafige føter.



Historie |


Percheron er ein rase som er avla fram i området rundt Mortagne-au-Perche i Normandie i Frankrike på 700-talet. Hesten framstår elegant, noko som skuldast innkryssing av arabarhest på 1700-talet.



Førekomst |


Det finst minst 3000 individ av rasen percheron i USA. I dag foregår det ein del eksport av percheron frå Frankrike til Japan, der rasen nyt ein aukande popularitet.



Bruk |


Det er ein sterk arbeidshest som kan dra tungt og arbeida stødig. Han er godlynt og lettkøyrd og høver like godt for jordbruk og skogbruk som til køyrehest. I heimlandet Frankrike vert hesten også nytta til kjøtproduksjon.



Bakgrunnsstoff |



  • Nettsida til Société Hippique Percheronne de France (på fransk)


  • Om historia til Percheronhesten (på engelsk)

    Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.





Popular posts from this blog

Olav Thon

Waikiki

Tårekanal