BitTorrent

Multi tool use
BitTorrent er eit P2P-system for å distribuera filer i eit datanett. Den opphavlege versjonen var skriven av utviklaren Bram Cohen. Programmet vart gjeve ut med MIT-lisens i 2002.
BitTorrent fungerer på ein heilt annan måte enn tradisjonelle filoverføringsprotokollar som HTTP og FTP. Når ein brukar byrjar å lasta ned ei fil, får han ikkje nødvendigvis starten på fila først. Til å byrja med vert tilfeldige, ulike bitar av fila sende til alle brukarane som har bede om den same fila. So vert brukarane kopla til kvarandre og utvekslar dei forskjellige delane. Når mange nok brukarar er kopla til, vil omsider alle få tak i hele fila.
Dette får hastigheita på opp- og nedlasting til å auka med talet på brukarar som lastar ned, til skilnad frå tradisjonelle metodar, der det går tregare når alle lastar ned frå same kjelde.
Ved å lasta opp fila til andre brukarar samstundes som han lastar ned, bidreg kvar BitTorrent-klient til distribusjonen av fila. Klienten bruker all bandbreidda han får; dette er ein parameter som brukaren sjølv kan setja. Klientar som bidreg mykje med å lasta opp, vil automatisk verta premierte med at dei får henta data frå fleire kjelder enn andre.
Dette forhindrar sokalla «leeching» (igling), som er brukarar som berre lastar ned utan å bidra med sjølv å lasta opp.
Sjølv om denne teknikken kan nyttast til piratkopiering av til dømes filmar og musikk, er det to viktige skilnader mellom BitTorrent og ulovlege P2P-program som til dømes KaZaA, Napster og Grokster. For det første tilbyr ikkje BitTorrent i seg sjølv nokon måte å finna filer på. Ein brukar må sjølv fortelja BitTorrent kvar fila er tilgjengelege ifrå. For det andre gjer ikkje BitTorrent nokon freistnad på å skjula kven som opphavleg distribuerte fila.
BitTorrent er innebygt som ein integrert del i siste beta-versjon av nettlesaren Opera.
Bakgrunnsstoff |
- Nettstaden til BitTorrent

Denne artikkelen manglar
kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!
7Yisg20iy91n8ohgYT0,w90PP386PSOnWCseFsRJv
Popular posts from this blog
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...
40 Yttrium ← Zirkonium → Niob Ti ↑ Zr ↓ Hf Heile tabellen Generelle eigenskapar Namn, kjemisk symbol, atomnummer Zirkonium, Zr, 40 Kjemisk serie Transisjonsmetall Gruppe, periode, blokk 4, 5, d Tettleik, hardleik 6510 kg/m 3 , 5 (ikkje SI) Utsjånad Sølvkvit Atomeigenskapar Atommasse 91,224 u (ikkje SI) Atomradius (berekna) 155 (206) pm Kovalent radius 148 pm Ioneradius 72 pm (ladning: +4) van der Waals radius (?) pm Elektronkonfigurasjon [Kr]4d 2 5s 2 Elektron per energinivå 2, 8, 18, 10, 2 Oksidasjonstrinn (oksid) +4 (amfotært) Krystallstruktur Heksagonal Fysiske eigenskapar Tilstandsform Fast stoff Smeltepunkt 2125 K (1852°C) Kokepunkt 4650 K (4377°C) Molart volum 14,02 cm 3 /mol Fordampingsvarme 58,2 kJ/mol Smeltevarme 16,9 kJ/mol Damptrykk 0,00168 Pa ved 2125 K Ljodfart 3800 m/s ved 20 °C D...