Kímolos
Kímolos Lokalt namn: Κίμωλος | |
|---|---|
| Geografi | |
| Stad | Egearhavet |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Øygruppe | Kykladane
|
| Areal | 53,3 km²
|
| Høgaste punkt | Paleókastro (397 moh.)
|
| Administrasjon | |
| Land | Hellas |
| Periferi Periferieining | Dei sørlege egeiske øyane Mílos |
| Største busetnad | Kímolos (837 innb.)
|
| Demografi | |
| Folketal | 910 (2011[1]) |
| Folketettleik | 17,0 /km² |
Kímolos (gresk Κίμωλος) er ei øy i Hellas som høyrer til Kykladane i Egearhavet. Øya ligg nær den større øya Mílos.
Kímolos er eigen kommune, og frå 2011 høyrer øya administrativt til under periferieininga Mílos i periferien Dei sørlege egeiske øyane.[2]
Ved folketeljinga i 2011 hadde kommunen Kímolos 910 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 837 innbyggjarar.[1]
Øya har ikkje så mykje turisme og vert rekna som ei mellomklasse, landleg øy. Kímolos er det administrative senteret for seg sjølv og fleire ikkje-busette øyar som Polýegos, Ájos Evstáthios og Ájos Jeórjos.
Innhaldsliste
1 Historie
2 Innbyggjarar
3 Byar og tettstader
4 Referansar
5 Kjelde
Historie |
Kímolos er ei øy med rik historie. Namnet kjem frå Kímolos, dei første innbyggjarne på øya. Ekhinoúsa er eit anna namn på øya som vart nytta under antikken, og stundom òg i dag. I antikken var ho ei slagmark mellom Aten og Sparta, som styrte over Mílos. I mellomalderen vart ho kalla Argentiera, på grunn av den sølvfarga bergarten på sørkysten. Sidan desse tider vart stein frå øya transportert til andre stader, og øya vart på grunn av dette eit handelssentrum. I lag med resten av Hellas vart ho styrt av Det osmanske riket, og i 1829 vart ho annektert av Hellas i lag med resten av Kykladane.
Innbyggjarar |
I meir enn 150 år var innbyggjarane eit fattig jordbruksfolk, men tidleg på 1990-talet byrja turismen å utvikle seg også her. Levestandarden til innbyggjarane auka, men likevel har mange flytta frå øya, og i dag bur det ikkje meir enn 600 personar, stort sett pensjonistar, her om vinteren.
Byar og tettstader |
Dei største byane og tettstadene i kommunen er:
| Tettstad | Folketal 2011[1] |
|---|---|
| Kímolos | 837 |
| Psáthi | 19 |
Andre busetnader på øya:
- Alykí (17)
- Goúpa-Kará (14)
- Prássa (13)
- Kalamítsi (6)
- Ájos Nikólaos (2)
Småøyar i kommunen:
Polýegos (2)- Ájos Jeórjos (0)
- Ájos Evstáthios (0)
- Prasonísi (0)
Referansar |
↑ 1,01,11,2 Folketeljing 2011, revidert
↑ Kallikratis-reforma
Kjelde |
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Kimolos frå Engelsk Wikipedia .
Kykladane | |
|---|---|
Ándros • Tínos • Mýkonos • Dílos • Rínia • Sýros • Járos • Kéa • Makrónisos • Kýthnos • Sérifos • Vous • Serifopoúla • Sífnos • Kímolos • Polýegos • Mílos • Andímilos • Andíparos • Despotikó • Páros • Náxos • Skhinoúsa • Iráklia • Koufonísia • Kéros • Donoúsa • Amorgós • Folégandros • Síkinos • Kardiótissa • Íos • Santoríni (Thíra) • Thirasía • Anáfi |
Periferien Dei sørlege egeiske øyane | |
|---|---|
| Periferieininga Ándros | Ándros |
| Periferieininga Tínos | Tínos |
| Periferieininga Mýkonos | Mýkonos |
| Periferieininga Sýros | Sýros-Ermoúpoli |
| Periferieininga Kéa-Kýthnos | Kéa • Kýthnos |
| Periferieininga Mílos | Sérifos • Sífnos • Kímolos • Mílos |
| Periferieininga Páros | Andíparos • Páros |
| Periferieininga Náxos | Náxos og dei små Kykladane • Amorgós |
| Periferieininga Thíra | Folégandros • Síkinos • Íos • Santoríni • Anáfi |
| Periferieininga Kálymnos | Agathonísi • Pátmos • Lipsí • Léros • Kálymnos • Astypálea |
| Periferieininga Kos | Kos • Nísyros |
| Periferieininga Kárpathos | Kárpathos • Kásos |
| Periferieininga Ródos | Tílos • Khálki • Sými • Ródos • Kastellórizo |
|