Barstadvik er ei bygd på Vartdalsstranda i Ørsta kommune på Sunnmøre.
Innhaldsliste
1Geografi
2Samfunn
3Næring
4Samferdsel
5Grunnkrinsen Barstadvik
Geografi |
Barstadvik er ein dal med godt jordbruksland i dalbotnen og høge fjell på kvar side av dalen. Barstaddalen ligg nord-sør mot Storfjorden i nord. På vestsida av dalen ligg fjellet Klovekinn med den karakteristiske Masdalskloven med toppen Klovetinden 949 moh. På austsida av dalen ligg Romestrandshornet 911 moh. og Ramoen 1419 moh. Ein sidedal til Barstaddalen er Molladalen, ein dalbotn omkransa av høgalpint landskap med piggar og taggar som vert mykje brukt av fjellklatrarar.
Samfunn |
Barstadvik har barneskule og samvirkelag med bensinpumper. Barstadvik har eige vassverk ved Romestrand. Bygda har og eige kloakknett. Bygda har landpostbod. Bygda bygde på 60-talet nytt stort samfunnshus etter at det gamle brann ned nokre år tidlegare. Det nye ligg i tilknyting til barneskulen.
Næring |
Næringsveg har tradisjonelt vore landbruk med grasproduksjon, storfe og sauehald samt fjordfiske. Om sumaren har bøndene slept sau på beite i fjella rundt bygda. Revefarmar har vore vanlege i bygda, men denne næringa er sterkt redusert. Turisme er ein aukande næringsveg. Barstadvik har no eit fiskeoppdrettsanlegg. Bygda ligg nær Ålesund. Mange pendlar dit på arbeid.
I Barstadvik finn ein desse matrikkelgardane:
Romestrand,
Volle,
Erdal,
Barstad,
Melbø og
Lynge.
Samferdsel |
E39 går gjennom bygda. Fylkesveg 069, 5,6 kilometer, går på båe sider av dalføret. Lengst mot sør går det bomveg til Barstadsetra. Her går merka rås til Molladalen. Til Ålesund kjem ein om ein tek ferje frå Festøya til Solavågen.
Grunnkrinsen Barstadvik |
Grunnkrinsen Barstadvik omfattar i tillegg til dei ovanfor nemnde matrikkelgardane i Barstadvika, også matrikkelgarden Festøya mot nord, og dei tre matrikkelgardane i Bukta krins mot sør: Rotneset, Rot og Masdal. Pr 1. januar 2009 hadde grunnkrinsen Barstadvik 319 innbyggjarar ifølgje SSB.
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...