Andímilos
Plasseringa til Andímilos
Andímilos (gresk Αντίμιλος), òg kalla Antimelos, er ei lita øy i Hellas som høyrer til Kykladane i Egearhavet. Øya ligg 20 km nordvest for Mílos.
Andímilos høyrer til kommunen Mílos, som er ein del av periferieininga Mílos i periferien Dei sørlege egeiske øyane. Øya har ingen busetnad.[1]
Andímilos består berre av trakytt, og vert ofte kalla Erimómilos (Ørkenmilos). Ho er ei vulkansk øy og krateret er framleis synleg. I antikken omforma innbyggjarar på øya krateret om til eit ope regnreservoar. Ein sjeldan variant av geiter lever på øya i dag, ho liknar den kretiske geita kalla «kri-kri», men er ikkje den same.
Referansar |
↑ Folketeljing 2011, revidert
Kjelde |
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Antimilos frå Engelsk Wikipedia .
Kykladane | |
|---|---|
Ándros • Tínos • Mýkonos • Dílos • Rínia • Sýros • Járos • Kéa • Makrónisos • Kýthnos • Sérifos • Vous • Serifopoúla • Sífnos • Kímolos • Polýegos • Mílos • Andímilos • Andíparos • Despotikó • Páros • Náxos • Skhinoúsa • Iráklia • Koufonísia • Kéros • Donoúsa • Amorgós • Folégandros • Síkinos • Kardiótissa • Íos • Santoríni (Thíra) • Thirasía • Anáfi |
Koordinatar:
|