Det latinske riket
Slaget om Konstantinopel, skildra av målaren Palma Le Jeune (1544-1620).
Det latinske riket (latin Romania) var eit rike som blei danna etter det fjerde krosstoget i 1204 då Konstantinopel, hovudstaden i Austromarriket, blei erobra av krossfararane. Det latinske riket hadde som mål å få folket til å konvertera frå ortodoks til katolsk kristendom, og dette skapte uro i Konstantinopel. Balduin I blei keisar i Det latinske riket. Hans første oppdrag frå paven var å erobre alle dei gamle austromerske territoria. Etter at Konstantinopel fall var det oppretta nye statar i fleire av desse territoria og alle hadde same mål: Gjenerobring av Konstantinopel.
Ortodoks kristendom blei aldri gjort ulovleg i riket fordi det var opptatt med krigane mot Bulgaria, Keisarriket Nikea, Despotatet Epirus og Trapezunt. Under keisar Balduin II gjekk riket under den 25. juli 1261 då Mikael VIII Palaiologos frå Nikea gjenerobra Konstantinopel.
Kjelder |
- Denne artikkelen bygger på «Det latinske riket» frå Wikipedia på bokmål, den 5. august 2013.
Krossfararstatar | |
|---|---|
| Levanten | Kongedømet Jerusalem · Fyrstedømet Antiokia · Grevskapet Edessa · Grevskapet Tripoli · Kongedømet Cilicia · Kongedømet Kypros |
| Latinsk Hellas | Det latinske riket · Kongedømet Thessalonika · Fyrstedømet Akaea · Hertugdømet Aten · Hertugdømet Filippopolis · Hertugdømet Neopatria · Hertugdømet Arkipelet · Triarkatet Negroponte · Pfalzgrevskapet Kefalonia og Zakynthos · Herredømet Khios · Republikken Venezia (Stato da Màr) · Maltesarordenen |
| Baltikum | Den tyske riddarordenen (Klosterstaten til Den tyske riddarordenen) · Sverdbroderordenen (Terra Mariana) · Dobrinerriddarane (Dobrzyńlandet) |