Filip av Parma






Filip av Bourbon, hertug av Parma, av Laurent Pécheux.


Filip av Bourbon, hertug av Parma (15. mars 1720–18. juli 1765) vart hertug av Parma frå 1748 til 1765.


Han var det fjerde barnet og den tredje sonen til Filip V av Spania og kona hans Elizabeth Farnese. Han voks opp i Madrid og som barn viste han meir interesse i musikk og kunst enn i politikk. Han var òg den 12. Conde de Chinchón Grandee av Spania Første Klasse' med våpenskjoldet til Huset Bourbon.


Mor hans var frå familien Farnese, som hadde styrt Hertugdømet Parma, Piacenza og Guastalla i mange generasjonar. Hertugdømet vart styrt frå 1731 til 1736 av den eldre bror hans Karl, men vart byta med Austerrike for Dei to Sicilia etter den polske arvefølgjekrigen. Tolv år seinare, med Aix-la-Chapelle-traktaten i 1748 mista Austerrike hertugdømet, og Filip vart den nye hertugen, og grunnla slik Huset Bourbon-Parma.


Hertugdømet Parma var ruinert etter mange år med krigføring og i 1759 innsette Filip franskmannen Guillaume du Tillot som minister for å styrke økonomien att.


Filip var ein opplyst herskar. Han viste bort jesuittar frå Parma i 1768. Han stimulerte utdanning og filosofi, og trekte til seg folk som Étienne Bonnot de Condillac.


Filip døydde brått den 18. juli 1765 i Alessandria, medan han følgde dottera Maria Luisa til Spania for å gifte ho bort til Karl.


Filip gifta seg med Louise-Elisabeth de Bourbon den 25. oktober 1739. Dei fekk borna




  • Isabelle av Parma som gifta seg med Josef II av Det tysk-romerske riket


  • Ferdinand av Parma, den nest hertugen av Parma


  • Maria Louisa av Parma, gifta seg med kong Karl IV av Spania



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Philip, Duke of Parma» frå Wikipedia på engelsk, den 26. desember 2008.











Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva