Pedro Álvares Cabral





















Pedro Álvares Cabral

Pedro Álvares Cabral - steel engraving by American Bank Note Company.jpg

Fødd
1467
Belmonte
Død

1520
Santarém


Yrke
oppdagar

Pedro Álvares Cabral på Commons

Pedro Álvares Cabral (1467–1520) var ein portugisisk oppdagelsesreisande. Han var den fyrste europearen som gjekk i land i Brasil.


Cabral var admiral for ein flåte på 13 skip som blei sende til India i 1500, etter at Vasco da Gama hadde sigla dit og tilbake rundt Afrika. For å unngå vindstille valde han ein meir vestleg kurs og blei til slutt driven over til det då ukjende Brasil. Dei ankra opp nær eit fjell Cabral gav namnet Monte Pascoal ('Påskefjellet') 22. april 1500.


Cabral gjorde krav på landet for for Portugal under namnet Ilha da Vera Cruz. Etter å ha send melding tilbake til Portugal la han ut mot det endelege målet for reisa, Calicut i India, 2. eller 3. mai. Fleire av skipa blei utsette for storm på vegen, og 380 liv gjekk tapt. Dei gjenverande skipa kom seg til øygruppa Primeiras og Segundas utanfor kysten av Aust-Afrika, der dei gjorde reparasjonar i rundt ti dagar. Dei kom til Kilwa Kisiwani 26. mai og til Malindi den 2. august. Med hjelp frå lokale losar kryssa dei Indiahavet og nådde Calicut den 13. september. Cabral fekk løyve av den lokale herskaren til å opna ein handelsstasjon, men kom i konflikt med lokale handelsfolk. 16. eller 17. desember blei portugisarane overfalne av 300 til fleire tusen lokale folk. Over 50 portugisarar blei drepne, resten flykta tilbake til skipa.


Som hemn tok portugisarane 10 arabiske skip og drap rundt 600 av besetninga deira. Cabral gav ordre om å bombardera Calicut i ein heil dag som straff for avtalebrotet. Etter at Cabral kom tilbake til Portugal sende kongen ein ny straffeekspedisjon leia av Vasco da Gama. Cabral blei ikkje gjeven kommandoen for fleire sjøreiser. Det er uklart kvifor dette skjedde, men Cabral forlét etterkvart hoffet, og det oppstod ei stor rift mellom han og da Gama.


I 1503 gifta han seg med dona Isabel de Castro, ei adelskvinne som stamma frå Fernando I av Portugal. Morbroren hennar var Afonso de Albuquerque. Paret fekk minst fire barn: To gutar (Fernão Álvares Cabral og António Cabral) og to jenter (Catarina de Castro og Guiomar de Castro). Andre kjelder namngjev to andre døtrer, Isabel og Leonor.


Etter reisene sine leid Cabral av tilbakevendane feber og skjelvingar, kanskje på grunn av malaria. Han trekte seg tilbake til Santarém i 1509, der han døydde rundt 1520. Han er gravlagd i São João Evangelista-kapellet i Convento da Graça i Santarém.



Kjelder |



  • Delar av denne artikkelen bygger på «Pedro Álvares Cabral» frå Wikipedia på engelsk, den 25. august 2016.



  • «Pedro Álvares Cabral», Store norske leksikon, 29. oktober 2013, henta 25. august 2016 



Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.







Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva