Den store journalistprisen






Vinnarane av Den store journalistprisen 2018, Finn Graff og Per Egil Hegge.


Den store journalistprisen er ein norsk mediepris for god norsk journalistikk skipa i 1991. Han er rekna som den fremste utmerkinga innan norsk presse.[1]


Prisen vart delt ut for første gong i 1992.[1] Han erstatta i røynda Narvesenprisen, som vart utdelt fram til 1990.[1]


Den store journalistprisen vert delt ut av Norsk Presseforbund, og vert delt ut til éin eller fleire medarbeidarar som i løpet av det siste året har gjort ein særs prisverdig innsats på journalistikken sitt område.[2] Juryen blir oppnemnd av Norsk Presseforbund. Utdelinga finn stad under Nordiske Mediedager i Bergen.[1]


Målet med prisen er å oppmuntre til og gjera ære på kvalitet i journalistikken.[2] Prisen kan delast ut til medarbeidarar både i trykt presse, nettpublikasjonar, radio og fjernsyn.[2]


Prisen består av eit diplom og 100 000 kroner i prispengar.[1] Han vert finansiert av Norsk Presseforbund, Norsk Journalistlag, Norsk Redaktørforening, Mediebedriftenes Landsforening, Den Norske Fagpresses Forening, NRK og TV 2.



Prismottakarar |



  • 1992: Arne O. Holm, Dagbladet.

  • 1993: Sissel Benneche Osvold, Dagbladet.

  • 1994: Fritz Breivik, Nordlands Framtid.

  • 1995: Tomm Kristiansen, NRK.

  • 1996: Redaksjonen i VG.

  • 1997: Finansredaksjonen i Dagens Næringsliv.

  • 1998: Anne Grosvold, NRK.

  • 1999: Steinar Hansson, Dagsavisen.

  • 2000: Inge Sellevåg, Bergens Tidende.

  • 2001: Harald Stanghelle, Aftenposten.

  • 2002: Ikkje utdelt.

  • 2003: Åsne Seierstad, frilans.

  • 2004: Harald Henden, VG.

  • 2005: Magasinred. i Dagens Næringsliv og Roar Christiansen, Bergens Tidende.

  • 2006: Redaksjonen i Typisk norsk (NRK).

  • 2007: Debattredaktør Knut Olav Åmås i Aftenposten.

  • 2008: Helle Aarnes, Bergens Tidende, for artikkelserie om tyskarjenter.

  • 2009: Per Christian Magnus, Robert Reinlund og Anne Marie Groth, TV 2, for dokumentarfilmen Sultbløffen.

  • 2010: Bernt Jakob Oksnes, Dagbladet.

  • 2011: Odd Isungset for arbeidet med Nygaard-saka.[3]

  • 2012: Trude Lorentzen, Eivind Sæther og Adrian Øhrn Johansen, Dagbladet, for 22. juli-dokumentaren «Tomrommene». [4]

  • 2013: Kjetil B. Alstadheim, Dagens Næringsliv. [5]

  • 2014: Kristin Solberg og Anders Sømme Hammer, frilansjournalistar, for arbeid i konflikt- og krigsområde[6]

  • 2015: Maria Mikkelsen og Synnøve Åsebø, VG, for Odin-saka[7]

  • 2016: Delt mellom Vegard Venli, Kommunal Rapport, for sin innsats for å få aksjonærregisteret offentleg tilgjengeleg og Anders Fjellberg og Tomm W. Christiansen frå Dagbladet, for «Våtdraktmysteriet»[8][9]

  • 2017: Thomas Ergo, Hans Petter Aass og Rune Vandvik frå Stavanger Aftenblad for reportasjen om «Glassjenta», om norsk barnevern.[10]

  • 2018: Teiknaren Finn Graff og Per Egil Hegge[11]



Fotnotar |





  1. 1,01,11,21,31,4 Orgeret, Kristin Skare (2018-04-10). «Den Store Journalistprisen». Store norske leksikon (på norsk). 


  2. 2,02,12,2 «Den store journalistprisen», Presse.no (på bokmål), 2014-02-13, henta 2019-02-08 


  3. Journalisten, 24.05.11: Odd Isungset tok hjem journalistprisen. Vitja 12.01.14


  4. Presse.no, 09.05.12: Den store journalistprisen til Dagbladet. Vitja 12.01.14


  5. Presse.no, 13.05.13: Journalistprisen til Alstadheim. Vitja 12.01.14


  6. «Frilansere får Journalistprisen». NRK. Henta 5. mai 2016. 


  7. Odin-saken på vg.no


  8. presse.no Den store journalistprisen blir i 2016


  9. dagbladet.no «Våtdraktsmysteriet» Dagbladet spesial 2015


  10. «Glassjenta - Stavanger Aftenblad». Glassjenta - Stavanger Aftenblad. Henta 2. mai 2018. 


  11. «Den store journalistprisen går til Finn Graff og Per Egil Hegge» (norsk). Henta 2. mai 2018. 









Popular posts from this blog

Why is a white electrical wire connected to 2 black wires?

Moss kommune

Tretrollmannsturneringen