Mariar






Mariar.


Mariar er ei finsk-ugrisk folkegruppe som tradisjonelt har butt langs elvane Volga og Kama i Russland. Flesteparten av dagens mariar bur i republikken Mari El, og ein del bur også i Tatarstan og Basjkortostan.


Ein kan dela mariane i tre grupper: engmariar, som bur langs austbreidda av Volga, fjellmariar langs vestbreidda og austmariar i Basjkortostan. Ved folketeljinga i 2010 var det 548 000 menneske som definerte seg sjølve som mariske. 57 % av desse var busett på landsbygda.[1]


Mariane snakkar mariske språk, som kan delast inn i austmarisk og vestmarisk; eit skilje som skriv seg frå tidleg sovjetisk språkpolitikk. 388 000 menneske stadfesta i 2010 at dei snakkar marisk.[1] I tillegg snakkar mariane russisk, og om lag 42 000 snakkar tatarisk som tredjespråk. Tradisjonelt har folkegruppa hatt sin eigen tradisjonelle religion som framleis blir praktisert i dag i større eller mindre grad. I dag er dei fleste formelt russisk-ortodokse, men ein minoritet er muslimar.



Fotnotar |




  1. 1,01,1 «Vserossijskaja perepis naselenija 2010» - Folketeljinga i Russland 2010



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Mari People» frå Wikipedia på engelsk, den 27. august 2012.








Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva