Vasco da Gama

Multi tool use
Vasco da Gama
|

|
Fødd |
1469 Sines
|
Død |
24. desember 1524 Kochi (India)
|
Yrke |
oppdagar
|
Vasco da Gama på Commons
|
Vasco da Gama (fødd i Sines i 1469?, død i Cochin den 24. desember 1524), var ein portugisisk oppdagar. Han er kjend for å vera den første som reiste sjøvegen frå Europa rundt Afrika og til India.
Vasco da Gama blei vald ut som leiar for ein ekspedisjon på fire skip send ut av kong Manuel I av Portugal. Flåten la ut frå Tejo i juli 1497. Straks over nyttår kom han fram til Malindi på austkysten av Afrika. Her fekk Gama fatt i ein los som førte skipa til Calicut (dagens Kozhikode) i sørvestlege India. Ekspedisjonen blei vennleg teke imot av den indiske fyrsten (zamorinen) der, men da Gama oppnådde ikkje nokon handelsavtale. Ekspedisjonen drog til Anjediva-øya før dei prøvde å kryssa Indiahavet att. Turen tilbake i motvind tok 132, og skipa kom tilbake til Malindi 7. januar 1449 i særs dårleg forfatning. Da Gama kom endeleg tilbake til Portugal 29. august 1499. Han hadde med nok pepar til å betala for heile reisa, og blei gjeven ei ærerik mottaking. I desember blei da Gama gjeven heimbyen Sines av kongen, noko som var problematisk ettersom han tilhøyrde Santiago av sverdet-ordenen.
Allereie i 1500 blei ein ny flåte send til India under kommando av Pedro Álvares Cabral for å skipa ein handelsstasjon i Calicut. Etter at det oppstod konflikt med dei lokale arabiske kjøpmannslauga, blei opptil 70 portugisarar drepne i opptøyar. I 1502 blei Gama send ut med 10 fartøy for å hemna hendinga. Han kom til Calicut, bombarderte byen og massakrerte mange av innbyggjarane. Så reiste han til Cochin (dagen Kochi), og slutta ein traktat med fyrsten der. Han kom tilbake til Europa i 1503 med ein verdifull last. I 1524 blei da Gama utnemnd til visekonge av (portugisisk) India. Han døydde i Cochin same året.
Kjelder |
«Vasco Da Gama», Store norske leksikon, 7. februar 2014, henta 25. august 2016

Denne historieartikkelen er ei
spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å
utvide han.
Autoritetsdata |
- WorldCat
- BIBSYS
- VIAF
- GND
- LCCN
- ISNI
- BNF
- BNF (data)
- LIBRIS
- SUDOC
|
|
0D FhVEo8 r,oMiF fP27qx2
Popular posts from this blog
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...
40 Yttrium ← Zirkonium → Niob Ti ↑ Zr ↓ Hf Heile tabellen Generelle eigenskapar Namn, kjemisk symbol, atomnummer Zirkonium, Zr, 40 Kjemisk serie Transisjonsmetall Gruppe, periode, blokk 4, 5, d Tettleik, hardleik 6510 kg/m 3 , 5 (ikkje SI) Utsjånad Sølvkvit Atomeigenskapar Atommasse 91,224 u (ikkje SI) Atomradius (berekna) 155 (206) pm Kovalent radius 148 pm Ioneradius 72 pm (ladning: +4) van der Waals radius (?) pm Elektronkonfigurasjon [Kr]4d 2 5s 2 Elektron per energinivå 2, 8, 18, 10, 2 Oksidasjonstrinn (oksid) +4 (amfotært) Krystallstruktur Heksagonal Fysiske eigenskapar Tilstandsform Fast stoff Smeltepunkt 2125 K (1852°C) Kokepunkt 4650 K (4377°C) Molart volum 14,02 cm 3 /mol Fordampingsvarme 58,2 kJ/mol Smeltevarme 16,9 kJ/mol Damptrykk 0,00168 Pa ved 2125 K Ljodfart 3800 m/s ved 20 °C D...