Nellikfamilien



























Nellikfamilien



Kvit jonsokblom (Silene latifolia)
Kvit jonsokblom (Silene latifolia)



Systematikk

Rike:

Plantar

Rekkje:

Magnoliophyta

Klasse:

Magnoliopsida

Orden:

Caryophyllales

Slekter


  • Sjå teksten



  • Nellikfamilien (Caryophyllaceae) er ein plantefamilie i ordenen Caryophyllales. Han er ein stor familie som inneheld rundt 2 000 artar fordelt på 88 slekter. Mange hage- og snittblomar kjem frå denne familien, som mellom anna inneheld nellik, arve og stjerneblom.


    Dei fleste artane i nellikfamilien er eitt- eller fleirårige urter som visnar ned kvart år. Nokre frå artar er buskaktige med ein hard rhizom. Plantane er kjenneteikna av motsette blad som er heilranda, til tider stipla. Dei har som oftast tokjønna blomar som sit ytst i ein kvast. Blomane har som oftast fem kronblad, men av og til berre fire. Dei er vanlegvis raude, rosa eller kvite.



    Kjende slekter |



    • Agrostemma

    • Arenaria


    • Arvar (Cerastium)


    • Nellik (Dianthus)

    • Gypsophila

    • Sagina


    • Knavel (Scleranthus)

    • Lychnis


    • Smelle (Silene)


    • Bendel (Spergula og Spergularia)


    • Stjerneblom (Stellaria)



    Kjelder |



    • miljølære.no

    • «Nellikfamilien» på Wikipedia på bokmål og riksmål

    • «Caryophyllaceae» på engelsk Wikipedia

    • «Nejlikväxter» på svensk Wikipedia




    Popular posts from this blog

    Why is a white electrical wire connected to 2 black wires?

    Waikiki

    What are all the squawk codes?