Are Strandli
Are Strandli | |
| Fødd | 18. august 1988 Stavanger kommune |
| Yrke | roar |
Are Strandli på Commons | |
Are Weierholt Strandli (fødd 18. august 1988 i Stavanger) er ein norsk roar som representerer Stavanger Roklubb.
Are Strandli ror dobbeltsculler saman med Kristoffer Brun og dei to har delteke under fleire U23-VM og World Cups.[1] Saman representerte dei Noreg i lettvekts dobbeltsculler under sommar-OL 2012 i London. Dei kom på andreplass i sitt kvalifiseringsheat og gjekk dermed rett til semifinale.[2] I semifinalen gjekk det derimot dårlegare for roarane, og dei rauk ut av OL.[3] Dei enda på ein niandeplass samanlagt.[4]
Under sommar-OL i Rio i 2016 tok Strandli bronsemedalje i finalen i dobbeltsculler saman med makker Kristoffer Brun.
[5]
Fotnotar |
↑ Resultatliste på Rowingone.com
↑ NRK.no, 29. juli 2012: Overrasket med andreplass
↑ Aftenposten.no, 2 august 2012: Skuffelsen er enorm
↑ Resultatliste frå Sports-reference.com
↑ «Are Strandli» (engelsk). Det internasjonale roforbundet. Henta 18. februar 2017.