Sverre Andersen




















Sverre Andersen

Fødd
9. oktober 1936
Stavanger kommune
Død

1. november 2016
Stavanger kommune


Yrke
fotballspelar, fotballtrenar

Sverre Andersen (9. oktober 1936–1. november 2016)[1] var ein norsk fotballspelar frå Stavanger. Han debuterte på Viking FK i 1952 og spela sin siste kamp i 1971. Høgdepunktet kom då han var med å verte cupmeister i 1959, han vart også seriemeister i 1958. Totalt spela han 482 kampar for Viking, 262 av dei var seriekampar. Andersen, som var målvakt, spela 41 landskampar i tidsrommet 1956-68.



Landslagsspel |


Andersen debuterte for det norske A-landslaget den 26. august 1956 i ein heimekamp mot Finland som enda med 1-1. Dei neste tolv åra var han alltid aktuell for målvaktsplassen på landslaget, fyrste tida i kamp med Asbjørn Hansen, seinare med Kjell Kaspersen. Den siste landskampen han spela var mot Polen den 9. juni 1968 der Noreg tapte 1-6.



Klubbspel |


I 1958 var Andersen målvakt for Viking som vann Avdeling A i Hovedserien, á poeng med Larvik Turn, og var klar for seriefinale mot Oslo-klubben Skeid. Viking vann finalekampen med 2-0 og tok dermed sin aller fyrste seriemeisterskap, Andersen og Edgar Falch var mellom nøkkelspelarane på laget. Begge to var også med då Viking året etter vann sitt andre NM-gull. Finalekampen i cupen gjekk mot Sandefjord og enda med 2-1-siger etter ekstraomgangar. No var også Olav Nilsen mellom dei som spela på meisterlaget.


Andersen vart kåra til årets fotballspelar i Noreg både i 1958 og 1962.



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Sverre Andersen» frå Wikipedia på bokmål, den 30. september 2012.




  1. ↑ Sverre Andersen er død, Stavanger Aftenblad (1. november 2016)




Popular posts from this blog

Why is a white electrical wire connected to 2 black wires?

Waikiki

Riksmekleren