Ibar









































Ibar

elv

Mag put.jpg

Land

Flag of Montenegro.svg Montenegro, Flag of Serbia.svg Serbia Flag of Kosovo.svg Kosovo

Nedslagsfelt
8 059 km²


Lengd
276 km
Middelvassføring

60 m³/s

Kjelde

Hajla aust i Montenegro
Munning

Vest-Morava ved Kraljevo



Wikimedia Commons: Ibar


Ibar (serbisk Ибар) er ei elv i Serbia, Kosovo og Montenegro med ei lengd på 276 km. Ho spring ut aust i Montenegro og renn inn i Zapadna Morava, sentralt i Serbia nær Kraljevo.


Ho høyrer til Svartehavet sitt nedslagsfelt og har eit eige nedslagsfelt på 8 059 km² og ei gjennomsnittleg vassføring ved munningen på 60 m³/s. Elva er ikkje framkommeleg for elvefart.



Leia |


Ibar har kjelda si frå seks småelvar i fjellet Hajla aust i Montenegro. Ho renn generelt nordaustover og gjennom eit par landsbyar før ho renn inn i Serbia. Ho renn gjennom det meste av dei sørlege områda av Sandžak. Ein av to hovudvegar mellom Serbia og Montenegro følgjer elvar i denne delen. Nær landsbyen Vitkovići snur elva sørover og går inn i Kosovo. Ho held fram sørover til byen Kosovska Mitrovica og her tar ho ein krapp u-sving og snur nordover igjen og tilbake til sjølve Serbia. Her mottar Ibar den største sideelvar, Sitnica, frå høgre. Andre store sideelvar er Raška, Studenica og Lopatnica frå venstre og Jošanica.


Ved Gazivode er elva demt opp og reservoaret Gazivodesjøen (areal 11,9 km², høgd 693 m, djup 105 m) er danna. Vatnet i innsjøen vert nytta av industri- og gruveområda i Kosovska Mitrovica/Trepča-området. Nedanfor Gazivode ligg eit anna reservoar, Pridvoricesjøen. Desse innsjøane vatnar eit område på 300 km³.


Etter å ha passert landsbyane Žiča og Kraljevo munnar ho til slutt ut i Zapadna Morava.



Kjelder |





  • Denne artikkelen bygger på «Ibar River» frå Wikipedia på engelsk, den 6. februar 2008.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:



  • Mala Prosvetina Enciklopedija, Tredje utgåve (1985); Prosveta; ISBN 86-07-00001-2

  • Jovan Đ. Marković (1990): Enciklopedijski geografski leksikon Jugoslavije Svjetlost-Sarajevo; ISBN 86-01-02651-6






Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva