Oluf Vilhelm Falck-Ytter
Oluf Vilhelm Falck-Ytter (6. mars 1832–24. oktober 1914) var ein embetsmann og forfattar frå Romedal i Hedmark. Han var særleg kjend som forfattar av spenningsbøker for born.
Falck-Ytter var son til ein fut. Han vart utdanna cand.jur. (jurist) i 1857 og arbeidde dei neste 27 åra i Finansdepartementet. Jamsides arbeidet i departementet redigerte han i mange år Børnenes Blad og For Ungdommen. Han skreiv fleire bøker for born og unge, dei mest kjende er Haakon Haakonsen. En norsk Robinson som kom ut i 1873 og vart filma som Håkon Håkonsen i 1990, samt Sjørøveren og hans Hule frå 1896.
I 1884 vart Falck-Ytter byfut i Sarpsborg, eit embete han hadde til han døydde i Kristiania i 1914. Falck Ytters plass på Ila i Oslo har namn etter han.
Kjelder |
Norsk Allkunnebok. IV, bandet. 1952
Norsk Biografisk Leksikon
|