Turkestan i Kasakhstan




































Turkestan

Hazratmoskeen i Turkestan
Hazratmoskeen i Turkestan
Styresmakter
Land
Oblast

Flag of Kazakhstan.svg Kasakhstan
Pavlodar oblast
Grunnlagd

500-talet
Akim
Jassy Sjavgar
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2006)


98 984
Koordinatar

43°20′″N 68°15′″EKoordinatar: 43°20′″N 68°15′″E
Tidssone

BTT (UTC+6)
Plassering

Plasseringa i Kasakhstan

Plasseringa i Kasakhstan

Turkestan (kasakhisk: Түркістанm, Turkistan, tidlegare kalla Hazrat-e Turkestan) er ein by sør i Kasakhstan i Sør-Kasakhstan oblast, nær elva Syr-Darja og var hovudstad i det gamle Kangju. Han har opp under 100 000 innbyggjarar og ligg 160 km nordvest for Taraz langs den transaralske jernbanen mellom Kyzylorda (Perovsk) i nord og Tasjkent i Usbekistan i sør.


Turkestan er ein av dei mest historiske byane i Kasakhstan med arkeologiske funn som går tilbake til 300-talet. Kinesarane kalla staden Beitian og seinare vart han kalla Yasi eller Sjavgar fram til 1500-talet då han var eit viktig handelssenter.


Namnet Hazrat-e Turkestan tyder «den heilage av Turkestan» og refererer til Khoja Ahmad Yasavi, den store Sufi-sjeiken av Turkestan, som vart fødd her på 1000-talet og er gravlagd i byen. Under hans regjeringstid vart byen eit viktig utdanningssenter for folket på dei kasakhstanske steppene. I 1390-åra reiste Timur eit stort mausoleum kalla Mazar.


Framleis kjem mange pilegrimar til byen. I følgje ei lokal segn skal visstnok tre pilegrimsreiser til Turkestan vere like bra som ein hajj til Mekka, men dette er ikkje eit syn som resten av den muslimske verda deler. Helgenen vart rekna som så heilag at byen vart kjend som «det andre Mekka i austen», og er særs viktig for muslimar i Kasakhstan.


Gjennom historia har Turkestan vore ein grenseby og ligg i utkanten av den persisk-islamske oasekulturen Transoksiana i sør og dei turkisk-mongolske steppenomadane i nord. Derfor har han til tider vore eit viktig kasakhstansk politisk senter, og til andre tider under usbekiske khanatar lenger sør sin kontroll.


Då han kom inn under russarane i 1863 var han under Khanatet Kokand. Turkestan var i Syr-Darja oblast i det russiske Turkestan. Då tsarist-regimet fall i 1917-18 var han ei kort stund ein del av Den autonome sovjetiske sosialistrepublikken Turkestan før han vart ein del av den kasakhstanske republikken i Sovjetunionen i 1924.


I dag har Turkestan opp under 100 000 innbyggjarar og dei fleste er etniske usbekarar. På 10 år på slutten av 1900-talet steig innbyggjartalet med 10 % og han var den kastakhstanske byen som voks raskast etter den nye hovustaden Astana.


Ein kan nå Turkestan med tog frå Almaty, ei reise som tar nesten 20 timar. Bilturen frå den næraste flyplassen i Tsjimkent tar om lag to timar.



Bakgrunnsstoff |



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Hazrat-e Turkestan» frå Wikipedia på engelsk, den 19. januar 2008.





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva