Mor Teresa
| |
Fødd | 26. august 1910 i Skopje i Makedonia (då i Det osmanske riket) |
---|---|
Fødestad | Skopje |
Daud | 5. september 1997 i Calcutta i India |
Dødsstad | Kolkata |
Yrke | nonne, medlem av katolsk orden |
Helgendag | 5. september |
Vernehelgen | Verdsungdomsdagane, Missionaries of Charity, erkebispedømet Calcutta |
Saligkåra | 19. oktober 2003 av Johannes Paulus II |
Nobels fredspris
1979
Mor Teresa av Calcutta (fødd Agnes Gonxhe Bojaxhiu, fødd 26. august 1910 Skopje i Det osmanske riket, no i Republikken Makedonia, død 5. september 1997) var ei katolsk nonne. Mor Teresa vart kjend som grunnleggjaren av ordenen Missionaries of Charity som arbeidde for fattige i Calcutta og andre stader i verda. For arbeidet sitt fekk ho mellom anna Nobels fredspris i 1979 og Bharat Ratna, den høgaste sivile utmerkinga i India, i 1980. Seks år etter at ho døydde blei ho saligkåra av Pave Johannes Paul II.
I 2016 blei ho utnemnd til helgen av den katolske kyrkja.
Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
|