Sindhi
Sindhi | ||
Klassifisering: | indoeuropeisk indo-iransk indo-arisk nordvestre sone | |
Bruk | ||
Tala i: | Pakistan og India | |
Sindhitalande i alt: | 54,3 millionar | |
Skriftsystem: | persisk, devanagari | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1: | sd | |
ISO 639-2: | snd | |
ISO 639-3: | snd |
Sindhi (سنڌي, सिन्धी) er eit indo-arisk språk som blir tala av sindhiar, hovudsakleg frå Sindh i Pakistan, og eit mindretal i India.
I Pakistan er sindhi det tredje mest utbreidde språket (etter panjabi og pasjto) med 41 millionar talarar. 12 millionar indarar snakkar sindhi. Det er offisielt språk i Sindh-provinsen, og eitt av 22 offisielt «nemnde» språk i India. Standardtalemålet av sindhi heiter vitsjoli.
I India finn ein flest sindhitalande i Rann av Kutch og på Kathiawar-halvøya. Sindhi liknar mykje på katsji, som blir tala like sør for dette området i Gujarat, og er nært i slekt med dei vestpanjabiske lahndaspråka snakka nord i Sindh og sør i Panjab.
Språket stammer frå vratsjada, eit apabhramsaspråk. Gjennom fleire hundreår med muslimsk påverknad har språket teke opp i seg mange persiske og arabiske lånord.
Sindhi kan skrivast med tillempa utgåver både av devanagari og det persiske alfabetet. Ein tok først til å trykka sindhilitteratur på 1920-talet.
Sufiar som Sachal Sarmast, Shah Abdul Latif Bhittai og ikkje minst Lal Shahbaz Qalander er kjende sindhidiktarar.
Kjelder |
- Delar av denne artikkelen bygger på «Sindhi language» frå Wikipedia på engelsk, den 18. februar 2009.
- «Sindhi language», Encyclopædia Britannica. 2009. Encyclopædia Britannica Online. 18 Feb. 2009
Indoariske språk | |
---|---|
assamesisk · bengali · gujarati · hindi · hindustani · kasjmiri · maithili · nepali · oriya · pali · panjabi · romanés · sanskrit · saraiki · sindhi · singalesisk · urdu |
Denne språkartikkelen som har med India og Pakistan å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
|