Arvid Møller
















Arvid Møller

Arvid-moller.JPG

Fødd
14. oktober 1939
Strinda
Yrke
skribent, journalist

Arvid Møller, (fødd 14. oktober 1939) er ein norsk journalist og forfattar busett på Lillehammer.


Møller er ein av dei mest lesne og mest produktive forfattarane i Noreg, med meir enn 100 bøker bak seg. Han har spesialisert seg på biografiar om kvardagsheltar og «vanlege» menneske som har gjort ein stor innsats, t.d. industrigründarar, misjonærar, husmannskjemper og kunstnarar. Møller har òg gjeve ut ei stor mengd dokumentarbøker om ei rekkje ulike emne, m.a. kunst og natur. Dessutan har han skrive fleire bøker om medlemmer av kongehuset.


Møller har motteke Kulturprisen for Gudbrandsdalen, og Kongens fortenestmedalje i gull for forfattarskapen sin. Lom kommune har i tillegg gjort Møller til ambassadør for Lom for å ha skrive minst ti bøker om miljø og personar i Lom.


I fylgje sidene til TV2, er Møller frimurar.



Eit utval bøker av Møller |




  • Taterdronningen: Marie Lovinie, Stor-Johans datter (1974)


  • Gjendine (1976)


  • Lina på prærien (1979)


  • Jo Gjende (1979)


  • Høvding Herman (1980)


  • Sigurd fra Klevfos (1983)


  • Veidemann på vidda - en bok om Lars Vivelid på Hardangervidda (1984)


  • Senorita Sigrid (1985)


  • Per Ung (1991)


  • Dronning Maud. Et portrett (1992)


  • Lefse-Bertha (1993)


  • Dronning Sonja 25 år som landets førstedame (1993)


  • Jotunheimens døtre (2001)


  • Alvheim (2005)


  • Øystein Laupsa - Bilethoggar (2008)



Kjelder |



  • Store Norske Leksikon om Møller.

  • Bokutgjevnader av Møller på kulturnett.no

  • Bøker av Møller på bokkilden.no

  • Kort biografi om Møller av Lunde Forlag.

  • Arvid Møller vert ny ambassadør for Lom

  • Biografi og bilete på Forfatternett Oppland.

  • TV2.no: Frimurer Arvid Møller







Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva