Muammar al-Gaddafi
Muammar al-Gaddafi | |
Fødd | 7. juni 1942 Qasr Abu Hadi |
Død | 20. oktober 2011 |
Yrke | politikar, skribent, offiser |
Muammar al-Gaddafi på Commons |
Muammar al-Gaddafi (7. juni 1942–20. oktober 2011) var ein libysk politikar. Frå 1969 til 2011 var han statssjef i Libya.
Innhaldsliste
1 Bakgrunn
2 Statskuppet i 1969
3 Politikk
4 Opprør i 2011
5 Kjelder
Bakgrunn |
Muammar al-Gaddafi voks opp som yngste barnet i ein bondefamilie i ørkenregionen Surt. I unge år var han inspirert av den egyptiske presidenten Gamal Abdel Nasser som vart president ved å appellera til arabisk samkjensle. Gadhafi vart utvist frå skulen i 1961 grunna politisk aktivisme. Han studerte vidare jus ved Universitetet i Libya, gjekk på militærakademi i byen Benghazi der han vart uteksaminert i 1965. I 1966 kom han tilbake til Libya som offiser.
Statskuppet i 1969 |
Den 1. september 1969 leidde Gaddafi ei lita gruppe offiserar til å gjera statskupp mot den dåverande kong Idris I. Etter planen skulle nevøen hans, kronprins Hasan as-Senussi bli konge 2. september. I staden vart kronprinsen sett i husarrest, monarkiet i Libya avskipa, og Den sosialistiske arabiske folkerepublikken Libya proklamert. Sidan var Gaddafi statssjef i Libya fram til 2011. Han lét seg òg forfremja til oberst.
Politikk |
Frå 1977 tok Gaddafi tittelen «revolusjonær leiar» i Libya, og freista å ta ei leiarrolle i den arabiske verda. I 1977 gav han ut si «Grøne bok», der han la fram tanken om direkte demokrati. Denne vart brukt som ei slags grunnlov i Libya i 1980- og 90-åra, og motstanden mot styret til Gaddafi auka i desse åra. Rundt år 2000 tok Gaddafi initiativ til sterkare afrikansk samarbeid, noko som førte til skipinga av Den afrikanske unionen i 2002. Sidan freista han forsona seg med vesten, m.a. ved å uttala seg klårt mot al-Qaida og Osama bin Laden etter 11. september 2001. I 2004 vitja Gaddafi EU-hovudkvarteret i Brussel.
Opprør i 2011 |
I 2011 spreidde det seg valdsame protestar i Libya mot styret hans Gaddafi, inspirert av opprøret i Egypt i 2011 opprøret i Tunisia og fleire liknande opprør i arabiske og Nordafrikanske land same året. I både Egypt og Tunisia vart statsoverhovuda tvinga til å gå av. Oppreista fekk hjelp av NATO.
Gaddafi vart drepen 20. oktober 2011.
Kjelder |
- Bolken om tidleg liv og statskuppet i 1969 er henta frå bokmålswikipedia om Muammar al-Gaddafi, 7. mars 2011.
al-_Gaddafi «Muammar al-Gaddafi» i Store norske leksikon, snl.no., skrive av Dag Leerand.- Muammar Gaddafi ble drept i fødebyen
Leiarar for Den afrikanske unionen | |
---|---|
Thabo Mbeki (2002–03) · Joaquim Chissano (2003–04) · Olusegun Obasanjo (2004–06) · Denis Sassou-Nguesso (2006–07) · John Kufuor (2007–08) · Jakaya Kikwete (2008–09) · Muammar al-Gaddafi (2009–10) · Bingu wa Mutharika (2010–11) · Teodoro Obiang Nguema Mbasogo (2011–) |
|