Samland






Samland er halvøya nordvest i Kaliningrad


Samland (russisk Земландский полуостров, Zemlandskij poluostrov) eller Sambia er ei halvøy i Kaliningrad oblast i Russland, på søraustkysten av Austersjøen.




Innhaldsliste






  • 1 Namn


  • 2 Historie


  • 3 Geografi og geologi


  • 4 Sjå òg


  • 5 Kjelder


  • 6 Fotnotar





Namn |


Sambia er kalla opp etter sambiane, eit utdøydd folk som høyrte til gammalprøyssarane. Samland er det tyske namnet på halvøya i tillegg til andre germanske språk. På polsk og latin vart halvøya kalla Sambia, medan det litauiske namnet er Semba.



Historie |




Samland i Storhertugdømet Preussen, om lag 1648.


Samland var opphavleg tynt folkesett av sambiar. Regionen vart erobra av den tyske riddarordenen på 1200.talet og Bispedømet Samland vart, i lag med bispedøma Pomesdania, Ermland og Culm, eitt av fire bispedøme i Preussen i 1243. Nybyggjarar frå Det tysk-romerske riket starta å kolonisere området, medan sambiske prøyssarar gradvis vart assimilert. Halvøya var det siste området der gammalprøysisk språk vart snakka før det forsvann på slutten av 1700-talet.


Halvøya vart ein del av Storhertugdømet Pressen då Klosterstaten til Den tyske riddarordenen vart sekularisert i 1525. Dette hertugdømet gjekk i arv til Markgrevskapet Brandenburg i 1618 og Hohenzollern-monarkane erklærte etter kvart Kongedømet Preussen i 1701. Samland vart ein del av provinsen Aust-Preussen i 1773. Preussen samla Tyskland til Det tyske keisardømet i 1871.


Etter den første verdskrigen vart Samland vart eksklavar i Weimarrepublikken. I 1945, etter den andre verdskrigen vart Aust-Preussen delt mellom Polen og Sovjetunionen. Samland vart ein del av Kaliningrad oblast, kalla opp etter den nærliggande byen Kaliningrad (historisk tysk Königsberg eller på slavisk Kráľovec) og dei tyske innbyggjarane vart kasta ut.


Samland vart så folkesett med russarar og kviterussarar. I dag ligg to feriestader her, Zelenogradsk (Cranz) og Svetlogorsk (Rauschen).



Geografi og geologi |


Baedeker[1] skildrar Samland som «eit frodig og delvis skogkledd område med mange innsjøar, som ligg nord for Königsberg» (i dag Kaliningrad). Det høgaste punktet er 120 meter over havet og ligg 19 km nord for Pereslavskoje (Drugehnen) ved skistaden Galtgarben.[a 1]


Rav er funne i området i over tusen år, særleg på kysten nær Kaliningrad. I 1900 vart rav hovudsakleg transportert austover for å nyttast i piper og til utsmykking.



Sjå òg |



  • Det kuriske neset

  • Den kuriske lagunen

  • Wisłalagunen



Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Sambia» frå Wikipedia på engelsk, den 21. september 2008.

    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:





  1. Karl Baedeker, Northern Germany, Leipzig, London og New York: 1904 (14. utg.), s.177-8.







Fotnotar |





  1. Enkelte stader her har framleis tyske namn.




Koordinatar: 54°49′58″N 20°16′09″E










Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva