Francisco Pizarro

Multi tool use
Francisco Pizarro
|

|
Fødd |
16. mars 1478 Trujillo
|
Død |
26. juni 1541 Lima
|
Yrke |
conquistador, oppdagar
|
Francisco Pizarro på Commons
|

Francisco Pizarro Conquistador og mannen som øydela Inkariket.

Kampar mellom inkaer og spanjolar ved Cajamarca
Francisco Pizarro y González (16. mars 1478–26. juni 1541) var ein spansk oppdagar og conquistador. Han vart fødd i Trujillo i Spania, og døydde i Lima. Han reiste fleire gonger over til Amerika. I Amerika bygde han opp ein slagkraftig hær, og fekk vita om store rikdomar i Sør-Amerika. Pizarro er kjend for å ha øydelagd Inkariket. Slaget i Cajamarca kom etter eit bakhaldsåtak på regjerande inka Atahualpa og dei som var i følgjet hans, sett i scene av Francisco Pizarro. Hendinga skjedde seint på ettermiddagen den 16. november 1532 på den store offentlege plassen i Cajamarca. Byen hadde den gongen ein folkesetnad på ca 2000 menneske. Slaget varte ikkje meir enn to timar, det tok livet av tusenar og Pizarro oppnådde målet med å fange Atahualpa. I røynda var dette timane då inkariket fall og kongen av Spania tok over makta i territoriet.
Etter invasjonen |
I 1535 låg heile Peru under spanjolane sin kontroll. Pizzaro grunnla byen Ciudad de los Reyes (seinare Lima) og fekk makta over den nordlege delen av det erobra landet. Almagro, hans tidlegare kompanjong, herska over den sørlege delen. Det kom snart til open krig mellom dei to. Pizzaro lukkast til slutt med å fanga Almagro etter slaget ved Las Salinas i 1538 og avretta han. Dei indre stridane heldt fram, og den spanska kongen måtte senda sin eigen representant for å styra over kolonien.
Pizzaro fekk stilling som guvernør. Det synte seg at Pizarro hadde betre evner som krigar enn som administrator. Han visste korleis ein heldt seg med ein hær med disiplin, men ikkje så mykje meir. Tilhengjarane til Almagro (mellom anna sonen), organiserte ei samansverjing mot Pizarro. Dei lukkast i å ta livet av Pizarro i palasset hans i Lima den 26. juni 1541.

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld:
Francisco Pizarro

Denne historieartikkelen er ei
spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å
utvide han.
Autoritetsdata |
- WorldCat
- VIAF
- GND
- LCCN
- ISNI
- BNF
- BNF (data)
- SUDOC
- BNE
- NDL
|
|
MeiILhv4LRECFYlAy kKo
Popular posts from this blog
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...
40 Yttrium ← Zirkonium → Niob Ti ↑ Zr ↓ Hf Heile tabellen Generelle eigenskapar Namn, kjemisk symbol, atomnummer Zirkonium, Zr, 40 Kjemisk serie Transisjonsmetall Gruppe, periode, blokk 4, 5, d Tettleik, hardleik 6510 kg/m 3 , 5 (ikkje SI) Utsjånad Sølvkvit Atomeigenskapar Atommasse 91,224 u (ikkje SI) Atomradius (berekna) 155 (206) pm Kovalent radius 148 pm Ioneradius 72 pm (ladning: +4) van der Waals radius (?) pm Elektronkonfigurasjon [Kr]4d 2 5s 2 Elektron per energinivå 2, 8, 18, 10, 2 Oksidasjonstrinn (oksid) +4 (amfotært) Krystallstruktur Heksagonal Fysiske eigenskapar Tilstandsform Fast stoff Smeltepunkt 2125 K (1852°C) Kokepunkt 4650 K (4377°C) Molart volum 14,02 cm 3 /mol Fordampingsvarme 58,2 kJ/mol Smeltevarme 16,9 kJ/mol Damptrykk 0,00168 Pa ved 2125 K Ljodfart 3800 m/s ved 20 °C D...