Balestrand
- For kommunen med same namn, sjå Balestrand kommune.
Balestrand | |
stad | |
Balestrand frå fjorden Foto: Matt Sachtler | |
Land | Noreg |
---|---|
Fylke | Sogn og Fjordane |
Kommune | Balestrand |
Areal | 1,06 km² |
Folketal | 824 (2017) |
Folketettleik | 777 / km² |
Postnummer | 6899 BALESTRAND |
Wikimedia Commons: Balestrand (village) | |
Balestrand, også kalla Balholm eller Holmen, er kommunesenteret i Balestrand kommune i Sogn og Fjordane fylke. Sjølve namnet Balestrand blei skapt av Henrik Wergeland då han reiste i Sogn i 1832, og skreiv diktet "Framnæs - Balestrand". Namnet kjem av garden Bale, som ligg sentralt til i bygda. På gamalnorsk betyr Bale ein graskledd bakke ved sjøen. [1]
Tettstaden har 824 innbyggjarar per 1. januar 2017 og ligg sørom innlaupet til Esefjorden, på nordsida av Sognefjorden. Balestrand er ein viktig turiststad og har fleire hotel og andre overnattingsstader, mellom andre Kviknes hotel. Her ligg også Norsk Reiselivsmuseum, Sognefjord Akvarium og Balholm AS .
I sommarsesongen går det turistbåtar frå Balestrand inn Fjærlandsfjorden og til Flåm. Det er heilårs snøggbåtrute til Bergen.
Fotnotar |
↑ http://www.visitbalestrand.no/?lang=0&menu=15&page=30
Bakgrunnsstoff |
Commons har multimedia som gjeld: Balestrand
- Eldre fotografi frå Balestrand på nettstaden til Nasjonalbiblioteket